Hopp til innhold

Trassa hetsen og stilte på 8. mars-markeringa

TORGALLMENNINGEN, BERGEN (NRK): Spaltist og samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali trakk seg eigentleg frå kvinnedagsmarkeringa i Bergen grunna hets.

Sumaya Jirde Ali på scenen i Bergen under kvinnedagen

TALA: Sumaya Jirde Ali dukka likevel opp på kvinnedagsmarkeringa i Bergen.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Men i ettermiddag dukka ho likevel opp på Torgallmenningen saman med mellom andre forfattar Heide Helene Sveen. Begge gjorde seg klare til å halda appellar på 8. mars-markeringa i Bergen.

I byen var over 2700 menneske samla for å markere kvinnedagen.

Det var tydeleg svært populært at Sumaya Jirde Ali likevel stilte opp. 20-åringen gjekk på scena til stor applaus frå dei mange frammøte.

Der sa Ali at ho opphavleg hadde tenkt til å snakke om vald som råkar kvinner globalt.

– Det kan eg ikkje i dag. Ikkje fordi eg vil, men fordi eg må snakke om noko anna. For to dagar sidan var eg så psykisk og fysisk nedbroten at eg tenkte at eg aldri ville bruke stemma mi igjen.

– Det blir for provoserande når muslimske kvinner tar plass i offentlegheita. Fordi vi liksom skal vere underkua. Viss du skal vurdere ytringsfridomen i eit land, så må ein sjå på ytringsfridomen til minoritetane, følgde Ali opp.

Samfunnsdebattanten fikk varm velkomst i Bergen

SJÅ VIDEO: Sumaya Jirde Ali talar til frammøtte på 8.mars-markeringa i Bergen.

Hets og trugsmål

Det var for ei veke sidan at 20-åringen gav beskjed om at ho ikkje ville stille til markeringa.

Årsaka var hets og trugsmål ho har ho motteke, særleg etter fleire artiklar publisert på nettstaden Resett.

I kommentarfelt har ho blitt kalla for «hettemåke» og «Akbarkjerring», og det er også vist til kommentarar der folk har kome med oppmoding om å slå ring rundt henne, helle på bensin og tenne på.

8.mars-markering i Bergen i 2018

MANGE FRAMMØTTE: Over 2000 tilskodarar var på plass for å markere kvinnedagen i Bergen.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Mange har slått rundt ring rundt den 20 år gamle samfunnsdebattanten den siste veka.

På Facebook-sida si takkar Ali for støtta og seier det er nettopp det som gjer at ho hadde mot til å halde appell i dag likevel.

«Takket være alle som har mobilisert og støttet meg opp de siste ukene, takket være det enorme engasjementet folk har vist mot rasisme og sexisme, har jeg i dag krefter og mot til å både gå og holde appell under 8. mars-toget i Bergen», skriv ho til følgjarane sine på Facebook.

Ali ønskte ikkje å snakke med NRK etter at ho hadde halde sin appell.

– Dette var sterkt

Seinast i går oppmoda Susanne Kaluza i PR-byrået Trigger folk om å vise sin støtte med å gå med masker som viser ansiktet til Ali.

På Torgallmenningen var det fleire som syntest det var svært tøft av Ali å likevel møte på markeringa.

– Det var veldig bra av ho og ein veldig fin overrasking, seier Kristense Nordvik.

– Det var sterkt. Utruleg sterkt. Eg byrja å gråte då ho gjekk på scena, seier Tonje Inderøy.

– Ho har fått nokre kjempetrøkkar i det siste, så dette var tøft av Ali, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK.

Kvinne med Sumaya Jirde Ali-maske i Bergen

STØTTE: Fleire går med Sumaya Jirde Ali-maske i Bergen under 8. mars-markeringa.

Foto: Per Christian Magnus / NRK