Hopp til innhold

– Det er ein veldig vanskeleg situasjon

90.000 elevar er råka av lærarstreiken som i dag vart kraftig trappa opp. – Det er noko anna med ein streik på hausten, seier rektor.

Lærarar ved tolv nye grunnskular og tre vidaregåande skular i Hordaland vert i dag tekne ut i streik. Mellom anna Holen skule i Laksevåg i Bergen.

I STREIK: Frå i dag av er også Daniel Bruvik, Randi Gundersen, Gro Bruvik og Marita Hovland ved Holen skole i Bergen i streik.

Inger Marie Tørresdal

NESTEN TOM SKULE: Heile ungdomstrinnet ved Holen skole i Bergen er råka av lærarstreiken. Rektor Inger Marie Tørresdal tykkjer det er ein vanskeleg situasjon.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Det følast veldig rart å ha ein skule som er så stille i dag. Det trur eg alle som jobbar her føler.

Det fortel rektor Inger Marie Tørresdal ved Holen skole i Laksevåg i Bergen. Ho syner NRK rundt i dei tomme gangane og dei tomme klasseromma. På skulen er heile ungdomstrinnet råka av lærarstreiken. Ekstra spesielt synest Tørresdal det er dei hadde vanleg skuledag i går.

– Både elevar og lærarar er nok motivert for å starte eit nytt skuleår og kome inn i rutinane igjen.

Difor meiner ho det er ekstra spesielt med skulestreik på hausten, noko ho meiner gjer situasjonen ekstra vanskeleg.

– Streik på våren har vi hatt tilfelle av før, men på hausten er det noko anna. Eg trur ingen gjer dette med lett hjarte, og eg håpar at ein finn ei løysing på denne konflikten.

Barneskular i streik

Konflikten mellom lærarane og arbeidsgjevarorganisasjonen KS rullar vidare. Frå i dag av er også barneskular offer for lærarstreiken.

– Det er ein ny fase og det seier noko om kva alvor og ansvar som ligg på partane for å finna ei løysing på dette så raskt som mogleg, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NRK før i dag.

Leiar John Torsvik i Utdanningsforbundet i Hordaland seier dei så langt gjer det dei kan for å skjerma barneskulane i fylket.

– Når motparten ikkje viser vilje til å kome oss i møte så blir det ei opptrapping. Ved ei ny opptrapping kan vi nok ikkje skjerma barnetrinnet her i Hordaland heller.

– Kva forventningar har du til dagens samtalar?

– Eg håpa at alvoret har gått innover i KS og at dei kjem med eit tilbod som vi vil akseptere.

– Ein vanskeleg situasjon

På Holen skule i Laksevåg har dei både barne- og ungdomstrinn. For dei yngste elevane går skulen på Laksevåg sin vanlege gang, enn så lenge. Tørresdal fortel at dei informerer elevar og foreldre gjennom oppdateringar på skulen si heimeside.

– Der står det kva fag som vil rulla og gå vidare. Vi har også sendt tekstmelding til dei føresette.

Ytterlegare tolv grunnskular og tre vidaregåande skular i Hordaland vart råka av opptrappinga i lærarstreiken.