Hopp til innhold

Trebarnsfar mista livet då hengar trefte bilen hans – traktorsjåfør tiltalt

Politiet har brukt 21 månader på å etterforska dødsulukka. No må traktorsjåføren møta i retten.

Dødsulykke på fv. 49 i Kvam

TREFTE BILEN: Traktorhengaren losna og trefte bilen som trebarnsfaren sat i. No er traktorsjåføren tiltalt.

Foto: Statens vegvesen

Ein 37 år gamal familiefar omkom då ein traktor mista tilhengaren og trefte ein møtande bil på fylkesveg 49 mellom Norheimsund og Vikøy 7. mars 2017.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen granska dødsulukka og konkluderte med at tilhengaren ikkje var godt nok festa.

Nesten to år etter dødsulukka har Statsadvokaten i Hordaland no tatt ut tiltale mot traktorsjåføren.

Strafferamme på opptil seks år

Kvemmingen er tiltalt for brot på paragraf 281 i straffelova, for aktlaust å ha medverka til ein annan persons død.

Paragrafen har ei øvre strafferamme på seks års fengsel.

Statsadvokat Erik Stolt-Nielsen skriv i tiltalen at det kan bli aktuelt å be om oppreising for dei etterlatne. Traktorsjåføren risikerer òg å mista førrarretten.

– Det er enno for tidleg å seia noko om straffeutmålinga, seier politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen i Vest politidistrikt.

Ulykke på Vikøy

RÅKA LOKALMILJØET: Den tiltalte og den omkomne budde ikkje langt frå kvarandre i hardangerkommunen. Ulukka skjedde om kvelden 7. mars 2017.

Foto: Vilde Grimelid Oppedal / Hordaland Folkeblad

Beklagar lang behandlingstid

Sjåføren og den omkomne familiefaren, 37 år gamle Mikal Aarekol, budde ikkje langt frå kvarandre i hardangerkommunen.

– Dette er menneske som aldri har gjort kvarandre noko vondt i utgangspunktet, men som brått får ein konfrontasjon seg imellom som ingen kunne ha spådd. Saka er frykteleg vanskeleg, seier bistandsadvokaten til dei pårørande, Per Magne Kristiansen.

Både den tiltalte og dei pårørande er gjort kjende med tiltalen.

Traktorsjåføren har tidlegare uttalt at det har vore ei belastning å ikkje vita kva politiet si etterforsking enda med.

– Å gå å tenka på dette i over eit år, er heilt forferdeleg. Det er vondt å ikkje vita noko. Ulukka pregar meg kvar dag, sa bonden til NRK i april.

Svendsen har hatt saka på sitt bord sidan årsskiftet. Politiadvokaten er den tredje som har påtaleansvaret. Ho beklagar den lange saksbehandlinga.

– Det eine er at saka må vurderast grundig av respekt for dei involverte. Det er både pårørande av den avdøde og ein tiltalt ein må ta omsyn til. Det andre er at det ikkje finst mykje rettspraksis knytt til liknande saker, seier Svendsen, som skal føra saka i Hardanger tingrett.

– Saka skal truleg opp til våren, men det er ikkje fastsett dato.

Dei pårørande set pris på at saka no kan få ei avslutning, opplyser Kristiansen.

– Saka har tatt veldig langt tid etter at ulukka skjedde. Uansett i kva retning det ville gå, set dei pårørande no stor pris på at saka får ei avklaring,

Hengaren var ikkje godt nok festa

– Ei heil bygd er ramma. Det er offer på begge sider i denne saka, og ein prøver på best mogleg vis å ta vare på kvarandre, uttalte ordførar Jostein Ljones (Sp) etter dødsulukka.

Hengaren hoppa av festet då traktoren køyrde over ein fartsdump 126 meter før kollisjonen, som skjedde rundt klokka 19.30 kvelden 7. mars.

Tilhengaren vart deretter slept etter traktoren av hydraulikkslangen, før også slangen rauk. Personar i to møtande køyretøy måtte auka farten og svinga unna for å unngå å bli treft av hengaren som kom i mot.

Politiadvokaten seier skuldspørsmålet handlar om det ansvaret tiltalte hadde for at hengaren ikkje skulle falla av.

– Ulukkeskommisjonen ser på forhold som kan hindra at tilsvarande vil skje igjen. For påtalemakta er spørsmålet om tiltalte kan straffast for ikkje å ha forsikra seg at hengaren var godt nok festa.