Hopp til innhold

Ingen stopp for sjåførar

Trailersjåførar har store problem med å finna stader dei kan parkera for å halda køyre- og kviletidsreglane.

Trailer
Foto: Rainer Prang / NRK

Transportarbeidarforbundet ber no styremaktene ta ansvar for å skaffa sjåførane parkeringsplassar.

Ofte blir alternativet tilfeldige busslommer og parkeringsplassar, der trailerane er til sjenanse for andre.

Betre i utlandet

- Det er ikkje så mykje å velja i, og ofte må me berre ta til takke med ei busslomme eller skogen, fortel Kai Otto Nylænd.

Dette er kvardagen til mange yrkesjåførar innan langtransport. Kai Otto Nylænd pleier å køyra fisk frå Noreg til Syd-Europa, og frukt og grønt attende.

På kontinentet er det lagt til rette for sjåførane med både parkeringsplasser for kviletid og fasalitetar som dusj, toalett og vaskemaskin. Her i landet er det lite av slikt.

- Må leggja til rette

Køyre og kviletidsreglane skal forhindra at yrkessjåførar køyrer for lenge utan kvile.

Transportarbeidarforbundet støttar dette, men då må styremaktene også leggja til rette for at reglane kan haldast, seier leiar i Vestnorsk transportarbeiderforening, Jan Sivertsen.

- Dette må bli eit unisont krav frå sjåførane saman med fagforeininga. Det er styresmaktene som legg til rette for reglar om kviletid, og då må dei også leggja til rette for at dette blir gjort på ein lovleg måte,seier han.

Kan ikkje lova noko

Utbyggingsdirektør i Vegdirektoratet, Lars Aksnes, forstår at frustrerte trailersjåførar treng fleire stoppeplassar, men sjølv om det har vore fokus på dette før, kan han ikkje lova noko med det første.

- Problemet er at lastebilane krev stort areal, då blir det problematisk i dei store byområda. I planen vår på stamvegnettet som me no jobbar med, vil me ta med stoppeplassar for lastebilar, seier han.