NRK Meny
Normal

Trailer sperrar vegen på Kvamskogen

Tungtrafikken kjem seg forbi traileren som sperra delar av vegen på Kvamsogen.

trailer3

SPERRAR VEGEN: Vogntoget sperrar det eine køyrefeltet ved Eikedalsvatnet på Kvamskogen.

Foto: Jon-Vegard Salomonsen

Det var klokka 14.48 at politiet fekk melding om at eit vogntog hadde krasja og sperra eitt felt på fylkesveg 7 ved Jonshøgdi.

– Traileren sperrar framleis det eine køyrefeltet. No kjem både små og store køyretøy seg forbi, seier trafikkoperatør Ronny Sleire til NRK klokka 18.00.

– Det er brøytemannskap på staden no. Det er framleis redusert framkomelegheit, men det er litt lettare å kome seg forbi vogntoget, seier Sleire.

– Føraren av vogntoget har rekvirert hjelp til å fjerne traileren. Me reknar med at traileren er fjerna klokka 20.00 i kveld. Folk me rekna med å at vegen blir stengt ei periode medan bergingsarbeidet går føre seg.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.