NRK Meny
Normal

Trafikkulykke i Lindås

To bilar har front i front kollidert ved Hjelmås i Lindås kommune.

To bilar har kollidert front mot front ved Hjelmås i Lindås. Personane som er involverte skal ha lettare skader.

Politi og ambulanse er på staden.

– Ein gut på sju år har klaga over smerter i ryggen, medan sjåføren i den andre bilen blør frå kneet, seier operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt til NRK.

Ulykka skal ha skjedd på ei av sidevegane på E39.

– Det mogeleg at ein person vert sendt til legevakta, seier Steimler.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.