Trafikkulykke i Indre Arna

Det har vore kollisjon mellom ein hjullastar og ein bil på Garnesveien i Indre Arna. Politiet opplyser at det ikkje er nokre alvorlege personskadar. Det var tre barn og ein vaksen i bilen, og ein vaksen i hjullastaren. Alle får helsetilsyn på staden. Store materielle skadar gjorde at bilen måtte tauast vekk. Eitt felt er stengd, og det er manuell dirigering.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon