To skuleelevar (14) påkøyrde i Fana

Ifølgje politiet skal to gutar vere skadd. Den eine guten er sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Ulykke Fana

PÅKØYRD: Dei to gutane var på skuletur og gjekk langs vegen då dei vart påkøyrde av ein bil.

Foto: Eivind Pettersen

Klokka 09.14 fekk politiet melding via AMK at to personar var blitt påkøyrde av ein bil på Skjold i Fana.

Det skal vere to gutar på 14 år som er påkøyrde. Dei skal vere skadd.

– Den eine av dei to er sendt til Haukeland med brotskadar fortel innsatsleiar på staden, Kasper Kaland.

Den andre guten er lettare skadd og vil bli sendt til legevakta.

Laster Twitter-innhold

Bilen utfor vegen

– Dei to gutane var på skuletur. Dei gjekk langs vegen og vart påkøyrde av ein bil, seier innsatsleiar Kasper Kaland.

Bilen har hamna utfor vegen like før ei bru, og var ifølge NRKs reporter på staden, i fare for å vippe ned mot elva. Føraren av bilen kom seg sjølv ut av bilen og skal vere uskadd. Bilen får no hjelp av bergingsbil.

– No tar vi å sikrar bilen og får taua den inn, så vil etterforskinga avgjere kva som har skjedd, seier Kaland.

To skoleelever skadd i ulykke på Skjold.

VIDEO: Ein bil hamna utfor vegen etter påkøyrsla.