Hopp til innhold

To personar til sjukehus etter utforkøyring

Ein bil køyrde av vegen aust for Røldalstunnelen på E134. Eit eldre ektepar er sendt til sjukehus for sjekk.

Ulukke Røldal

FEKK BEHANDLING: Ambulanse på plass ved ulukkestaden. To personar fekk behandling av ambulansepersonell før dei vart sendt vidare til sjukehus for kontroll.

Foto: www.roldal.com

SISTE: To personar kom seg ut av bilen sjølv og fekk behandling av ambulansepersonell på staden. Det eldre ekteparet vert no sendt til sjukehus for sjekk, skriv politiet på Twitter. Tunnelen vert opna igjen.

Røldalstunnelen kø

MELLOMBELS STENGT: Røldalstunnelen er stengt akkurat no. Det har danna seg noko kø på vestsida av tunnelen.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

Politi, brann og ambulanse har rykka ut til Røldalstunnelen på E134 i Odda kommune.

– Vi fekk melding frå AMK om at ein bil har køyrt utfor vegen, aust for Røldalstunnelen. Tunnelen er stengt, fortel vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen i Hordaland.

Han fortel at bilen skal liggja kring 30 meter nede i ein skråning.

To personar ute av bilen

Klokka 12.00 fortel Hartvigsen at to personar har kome seg ut av bilen sjølv.

– Dei vert no tatt hand om av ambulanse på staden. Skadeomfanget er ikkje kjent.

Like etter skriv politiet på Twitter at det er eit eldre ektepar som var involvert i ulukka. Dei vert sendt til sjukehus for kontroll.

Tunnelen opna

Røldalstunnelen var ein kort periode stengt, men vart klokka 12.00 opna igjen for trafikk. Det er rekvirert bergingsbil til staden.

– Brannvesenet er på staden og sikrar, i tilfelle det skulle kome lekkasjar frå bilen.

røldal