To bilar har kollidert front mot front

Ein person er lettare skada etter ei trafikkulukke på Riksveg 7 ved Gullbotn. Naudetatane er på staden.

Gullbotn

RIKSVEG 7 VED GULLBOTN ER STENGT: To bilar kolliderte front mot front på riksveg 7 ved Gullbotn i dag ettermiddag.

To bilar kolliderte front mot front på riksveg 7 ved Gullbotn i dag ettermiddag.

– Me fekk melding om ulukka 13.28. Det var to personar i den eine bilen, medan sjåføren av den andre bilen var åleine, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

– Ein av passasjerane har brystsmerter og er køyrd til legevakt, elles skal dei to andre så vidt me veit no vere uskadde.

Riksveg 7 forbi Gullbotn var stengt ei periode, men er no open for fri ferdsel.