Hopp til innhold

Trafikkulukke ved Austmarka i Rong

  • LETTARE SKADD ETTER ULUKKE:

    Tre personar vart lettare skadd i trafikkulukka i Rong søndag kveld. Ein bil på veg ut i hovudvegen i krysset ved Austmarka, kolliderte med ein bil som kom sørover på Fv. 561 i 80-sona. Dei tre som sat i den bilen er sendt til Haukeland. – Det er sannsynlegvis snakk om brot på vikeplikta. Sjåføren har fått førarkortet fråteke, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes.

  • INGEN FASTKLEMDE:

    Det er fem personar som har vore involvert i trafikkulukka i Øygarden. Alle har kome seg ut av bilane. – Det er ikkje snakk om ein frontkollisjon. Ulukka har skjedd i krysset inn til Austemarka, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen.