NRK Meny
Normal

Trafikkulukke på Bønes i Bergen

To bilar har kollidert. Det skal vere snakk om store materielle skader.

Laster kart, vennligst vent...

Naudetatane fekk melding om trafikkulukka like nokre minutt over klokka 18.00 laurdag kveld. Første meldinga gjekk på at det var fleire bilar involvert i ei ulukke, samstundes som politiet fekk inn meldingar om trafikkulukker andre stader i Bergen.

– Det var sprikande meldingar om kva som hadde skjedd og kor det hadde skjedd, men no er vi i alle fall på plass i Straumeveien, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Straumeveien på Bønes ligg nokre kilometer sør for Bergen sentrum. Ulukka skal ha skjedd like før innkøyringa til Knappetunnelen.

Store materielle skader

Det er to bilar som er involvert i ulukka og det er snakk om store materielle skader. Det er ingen av dei involverte personane som skal sitta fastklemd i bilane.

– Det skal ikkje vera personskade i ulukka. Vi er på plass og dirigerer trafikken, oppdaterer Kronen.

Den eine bilen skal ha kome over i feil køyrefelt og kollidert med ein anna bil. Begge bilane må tauast vekk før vegen kan opnast igjen.

Fire personar har vore involvert i ulukka. Ein person i den eine bilen, medan det var ei kvinne og to barn i den andre.

Ingen av dei skal ha fått skader. Dei blir sett til av ambulansepersonell på staden.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen