Hopp til innhold

Mann (39) til sjukehus etter påkøyrsel

Mannen vart påkøyrd av ein personbil i ei busslomme ved Haukeland sjukehus. 39-åringen slapp unna med lettare skader.

Meldinga om trafikkulukka i Ibsens gate i Bergen kom inn til politiet frå AMK like før klokka 07.30. Første beskjeden var at mannen var påkøyrd av ein buss

- Det viser seg at mannen er påkøyrd av ein personbil, men det har skjedd i nærleika av ein busshaldeplass, fortel operasjonsleiar Lars Geitle til NRK klokka 07.53.

Ulukka skal ha skjedd nær krysset ved Haukeland sjukehus. Skadeomfanget er ikkje kjend.

– Mannen er sendt til akuttmottaket på Haukeland sjukehus med ambulanse. Meir veit vi ikkje, seier Geitle.

Lettare skadd

To timar etter ulukka kan politiet fortelle at mannen slapp unna med lettare skader.

- Vi har ikkje funne grunn til å frå føraren av personbilen førarkortet, men sak er oppretta, fortel Geitle.