Hopp til innhold

Fullt kaos i trafikken etter trafikkuhell

Fleire tunnelar vart stengt i Bergen sentrum etter trafikkuhell og vegarbeid. – Kan du utsette heimreisa frå jobb, bør du gjere det, er beskjeden frå Vegtrafikksentralen.

Kaos i bergenstrafikken

KØ: Det er kø fleire stader i trafikken i Bergen. Her frå inngangen til Fløyfjellstunnelen sørgåande løp i Sandviken.

Foto: Eivind Monsen

  • SISTE: Trafikken går betre gjennom Damsgårdstunnelen og sørgåande løp av Fløyfjellstunnelen er nettopp opna.

Klokka 15.23 fekk politiet melding om ei trafikkulukke i sørgåande løp av Fløyfjellstunnelen. Ulukka har skjedd i slutten av tunnelen.

– Vi har stengt tunnelen i begge løp, ambulanse har rykka ut og vi har fleire bilar på veg, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

– Skadeomfanget er førebels ikkje kjent, legg han til.

Kaos i trafikken

I tillegg slit Vegtrafikksentralen med tekniske problem i Damsgårdstunnelen. Der er eitt felt stengt i vestgåande retning.

– Det er heilt kaos i trafikken no. Om nokon har moglegheit til å utsette heimreisa frå jobb, så vil eg anbefale det, er beskjeden frå Vegtrafikksentralen.

Klokka 16.00 byrjar det å bli normalt att i Damsgårdstunnelen.

Lettare skader

Dei involverte i trafikkulukka vart frakta til legevakt med lettare skader, opplyser operasjonsleiaren til NRK klokka 15.50.

– Vi måtte også ha ein tauebil på plass. Det er berre sørgåande løp som er stengt no. Det er elles mykje køar i trafikken.

Det er altså venta at sørgåande løp av Fløyfjellstunnelen også blir opna om kort tid.

Like etter klokka 16.00 melder Vegtrafikksentralen at Fløyfjellstunnelen er opna igjen, i begge retningar.