Hopp til innhold

Trafikkuhell på Nordfjordvegen

Ein bil har snurra rundt på riksveg 15 Nordfjordvegen i Stryn. Det er difor redusert framkome, men vegen er stengd på eitt felt, så det er mogleg å passere. Uhellet skal ha skjedd ved krysset til Smottevegen, men det er ikkje snakk om alorlege personskadar. Det seier politiet som no har folk på ulukkesstaden.