Hopp til innhold

Trafikknuten har løyst seg opp

Trafikken stod ei stund bom stille etter at ein lastebil hadde køyrt borti tre feltmarkørar i taket på Fløyfjellstunnelen. – Trafikken frå Åsane vart totalt lamma, og det korka seg fort då alle bilane frå Åsane skulle via sentrum. Det har ført til lange etterslep og først no har det løyst seg skikkelig opp, fortel trafikkoperatør Morten Hansen i Statens vegvesen.