Hopp til innhold

Trafikken står nesten stille i Hardanger – oppfordrar bilistar til å køyre ein annan veg

Den klassiske sommarproppen på riksveg 13 er ekstra tett søndag. – Vi treng ikkje fleire bilar inn der no, seier Vegtrafikksentralen.

Trafikkaos i Hardanger

RAUDT: På fleire stader står trafikken nesten heilt i ro, ifølge trafikkinformasjonen til Google.

Foto: Google Maps

Oppdatering 21.00: Søndag kveld har trafikk-korken i Hardanger løyst seg opp og bilistar kan trygt velje vegen utan å bli sitjande fast i kø.

Mange sommarturistar har dei siste åra slått fleire timar i hel på riksveg 13 mellom Bjotveit og Odda.

På den smale og svingete vegen er bøygde autovern, knuste sidespeglar og endelause køar eit vanleg syn, spesielt om sommaren.

Slik er det også søndag. Men i dag er proppen ekstra stor, mellom anna fordi Vallaviktunnelen i Granvin var stengd i ein periode tidlegare på dagen.

Då samlar trafikken seg opp. På dei smale vegane sør for Hardangerbrua har det søndag kveld stoppa opp fleire stader.

– Det har tidvis vore galehus i ettermiddag. Det er auka trafikk, sundag og heimfart. Det er mange bubilar og bussar. Ikkje alle klarer å køyre heilt ut på vegskuldra. Då blir det vanskeleg å passera kvarandre på dei smale plassane, seier trafikkoperatør Ronny Sleire hjå Vegtrafikksentralen.

Kø på riksveg 13 i Hardanger

VANLEG SYN: Dette bilete frå 2018 viser kvifor trafikkproppane oppstår på riksveg 13 i Hardanger. Smalt, svingete og mykje trafikk i sommarsesongen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Finn ein anna veg

Det var særleg mellom Bjotveit og Kinsarvik at proppane oppstod i 16.00-tida søndag. Klokka 18.30 har proppane oppstått også lenger sørover.

– Vi ser no at det er problem nedover mot Lofthus også. Det er avtakande lenger nord, men dette kjem til vare heile kvelden, melder trafikkoperatøren.

Politiet seier til NRK at dei ikkje kjem til å senda inn patrulje for å dirigera trafikken.

Vegtrafikksentralen opplyser om at fleire bilistar har tatt dirigeringa i eigne hender. Bubilar og andre store køyretøy får hjelp til å rygge, slik at trafikken kan passere der vegen er brei nok.

Vegtrafikksentralen vil helst ikkje ha fleire bilar inn på riksveg 13 mellom Hardangerbrua og Odda.

– Anten må folk vente med å køyre denne vegen til trafikkfloken er løyst, eller så må ein finna ein anna veg, oppfordrar Sleire.

Ein moglegheit er å køyre på andre sida av fjorden og bruke ferjesambandet Kvanndal-Utne. Du kan finne andre ruter på Vegvesenet sine nettsider.