Cathrine får kjeft og vert spytta på – no vurderer bransjen kamera på vestane for å hindra hets

MASFJORDEN (NRK): Ubehagelege og farlege situasjonar for trafikkdirigentar aukar. – Me vurderer sterkt kamera på refleksvestar for å sjå om bilistane endrar åtferd, seier NHO.

Cathrine Smøraas

KJEFT: Medan tunnelane Matreberg og Trodal blir oppgraderte, stoggar Cathrine Smøraas trafikken. – Tenk på alle lastebilar og bilistar som må venta her, det er mykje pengar tapt. Eg er lei av Vegvesenet, dei brukar jo årevis på ein tunnel, eg forstår ikkje kva dei gjer på, seier ein oppgitt bilist til Smøraas.

Foto: Eva Neteland / NRK

Trafikkdirigent Cathrine Smøraas står midt på E39, mellom høge fjell på Matre i Nordhordland.

Ho stansar bilistane på den travle hovudfartsåra mellom Bergen og Trondheim. Det er tunnelarbeid og leiebilen er eit stykke unna.

Allereie då vert det ofte ubehageleg. Irritasjon, sinne og frustrasjon blir tatt ut over personen med stoppskilt og refleksvest.

– Når folk kjem ut av bilen og skjeller meg ut, kva skal eg stilla opp med? spør Smøraas retorisk.

Cathrine Smøraas

STOGGAR: Cathrine Smøraas er trafikkdirigent hos Aarekol Trafikktjenester. Ho stoggar bilistane, for å venta på leiebil gjennom tunnelane der det vert arbeidd. Over 200 tunnelar på Vestlandet skal oppgraderast.

Foto: Eva Neteland / NRK

NHO: – Aukande tendens

Trafikkdirigenten har blitt spytta på, knipsa røyk etter, og sett at trafikantar køyrer forbi leiebilen.

Opplevingane til Smøraas er ikkje unike. Næringslivets hovedorganisasjon (NHO) ser ei tydeleg negativ utvikling.

– Me veit frå alle selskap at ubehageleg framferd og konfrontasjonar er ein aukande tendens, seier Lasse Tenden, ansvarleg for manuell trafikkdirigering hjå NHO.

Vurderer kamera på refleksvestar

No samarbeider NHO, NAF og Vegdirektoratet om å kartlegga arbeidskvardagen til trafikkdirigentar, blant NHO sine 12–13 firma og deira om lag 350 tilsette.

Tenden har forståing for at bilistar kan vera stressa, men at det ikkje er noko unnskyldning for å driva hets.

Lasse Tenden

LEI UTVIKLING: Lasse Tenden, ansvarleg for manuell trafikkdirigering hjå NHO, har sett ei negativ utvikling dei siste åra.

Foto: Moment Studio

– Me vurderer sterkt kamera på vestar, for å sjå om bilistane endrar åtferd. Dette har me gjort innanfor sikkerheitsbransjen, og sett gode resultat, meiner Tenden.

Frykta for livet

Smøraas opplever å få kjeft for at tunnelarbeidet tek tid og at venting er kostbart. Typiske situasjonar er at dei reisande har dårleg tid, og gjerne vil rekka ei ferje.

Smøraas opplever også trugande framferd og trafikkfarleg køyring. Ein gong ho var på jobb då det var mørkt, gjekk det nesten gale.

– Eg har blinkarar som lyser, stoppspake og er full av refleksar. Bilen bråbremsa likevel så kraftig at hjarta mitt stod i halsen. Eg tenkte at «dette går ikkje bra», seier Smøraas.

Ho opplever det som fortvilande at enkelte trafikantar ikkje respekterer yrkesrolla.

– Folk tenker berre på si eiga tid. Eg vil at alle skal komma trygt heim til sine. Sjølv har eg barn eg skal heim til.

Cathrine Smøraas og Ronny Schei

VAFFELSVOLTEN: – Når får eg vaflar av deg, spør lastebilsjåfør Ronny Schei. Smøraas har ein god tone med dei fleste trafikantane, og har delt ut vaflar, kokt kaffi og lada telefonar.

Foto: Eva Neteland / NRK

Deler ut vaflar, og let sjåførane få sova

Hjalmar Olseth i byggherreavdelinga ved Statens vegvesen beklagar bilistane sin oppførsel. Han poengterer at tunnelarbeidet hadde gått fortare om tunnelane var stengde for trafikk, og at trafikkdirigentane gjer at vegen kan nyttast.

– Dei skal ikkje verte skjelte ut. Klag heller til Vegvesenet, seier han.

Trass dei kjipe episodane trivst Smøraas i jobben. Ho prøver å møta folk med ein venleg tone, sjølv om enkelte er frustrerte.

Ronny Schei køyrer langtransport om nettene. Han likar best fri ferdsel i tunnelane, men seier han er klar over stengingane og aksepterer å måtte vente.

– Dei vert ferdige ein gong, seier lastebilsjåføren.

Ole Ingvar Dale og Wenche-Merete Sætre

VENTAR: Ole Ingvar Dale og Wenche-Merete Sætre har vore i bursdag og skal heim til Brekke. Dei strekk litt på føtene medan dei ventar. – Eg meiner tunnelane vert dårlegare av oppgraderinga, dei vert så smale, seier Dale.

Foto: Eva Neteland / NRK