NRK Meny
Normal

Her kjem Edvald fram etter ferjetrøbbel: Fekk politieskorte til Tour des Fjords-start

ODDA (NRK): Tour des Fjords fører til over 20 vegstengingar. Og på ei ferjekai vart det spesielt hektisk for to av profflaga i rittet.

Edvald ankommer sent

DIMENSION DATA: Bussene til Dimension Data og Israel Cycling Academy kom ikkje med på ferja då den var for full. Dei måtte få politieskorte for å rekke start.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Det vil naturleg nok bli stengde vegar og ventetid når proffsyklistane i Tour Des Fjords skal tråkke seg frå Odda i Hordaland til Karmøy i Rogaland.

Som i går, så må bilistar rekna god tid og vera budd på køar og venting.

– Det vil bli utfordringar for dei som skal ut på vegane, og spesielt inn og ut av Karmøy. Men viss bilistane planlegg godt så skal dette bra, seier operasjonsleiar Håkon Lokna i Sør-Vest politidistrikt.

Ferjetrøbbel for sykkelstjerner

Edvald Boasson Hagen

HAGEN: Edvald Boasson Hagen er ei av dei største stjernene i rittet, og stod fast på Tørvikbygd ferjekai fredag. Dei får politieskorte til Odda.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Ifølgje TV 2 stod Edvald Boasson Hagen og hans Dimemsion Data-lag fast på Tørvikbygd ferjekai, og dei stod i fare for å miste starten på etappen.

Saman med det israelske laget Israel Cycling Academy fekk dei politieskorte til Odda.

20 minutt før start kom bussene, og alt skal vere klart til start.

Vegstenging i Odda på grunn av Tour des Fjords

STENGD: Tour des Fjords gir trøbbel for trafikken også i dag. Her frå Odda sentrum.

Foto: Ingvild Fjelltveit / NRK

Slik blir vegstengingane

Starten av tredje etappe går frå Odda klokka 13.35. Etter planen kjem syklistane i mål i Kopervik på Karmøy i 18.00-tida.

Syklistane skal gjennom Etne, Ølen, Aksdal, Haugesund og til slutt ut til Kopervik. Vegane vil ha ulike tidspunkt for stenging og opning.

Her er oversikta frå arrangøren:

  • RV13: Odda, stengd frå 13:00 til 13:50
  • FV550: Eitrheim til Odda, stengd frå 13:20 til 13:50
  • RV13: Odda til E134/Skare, stengd frå 13:10 til 14:30
  • E134: Skare til Markhus, stengd frå 13:30 til 15:30
  • E134: Kyrping til Etne, stengd frå 14:00 til 16:00
  • E134Ø: Etne til Ølen, stengd frå 14:20 til 16:30
  • FV514: Ølen til Sandeid, stengd frå 14:40 til 16:30
  • FV46: Sandeid til Vats, stengd frå 14:50 til 16:45
  • FV738: Vats, stengd frå 15:00 til 17:00
  • FV736: Vats til Sagelva, stengd frå 15:00 til 17:00
  • FV513: Sagelva til Skjoldastraumen, stengd 15:10 til 17:15
  • FV515: Skjoldastraumen til Grinde/E134, stengd frå 15:20 til 17:30
  • E134/E39: Grinde til E39 Aksdal, stengd frå 15:45 til 17:30
  • E134: Aksdal til Opelkrysset Haugesund, stengd frå 15:50 til 17:50
  • E134: Opelkrysset Haugesund til Karmsund bru, stengd frå 16:00 til 17:30
  • E134: Karmsund bru til Haugesund lufthavn, stengd frå 16:10 til 18:30
  • FV47: Fosen til Karmøy, stengd frå 16:10 til 18:30
  • FV47: Avaldsnes til Kopervik, stengd frå 16:15 til 18:30
  • FV511: Bygnes til Kopervik, stengd frå 16:15 til 18:30
  • FV511: Finasvingen – Festplassen, stengd frå 08:00 til 22:00
  • FV511 Stangeland, Asadalsvegen, Sundvegen, Kvalavågvegen – FV47, stengd frå 16:15 til 18:30

Alle tidene er omtrentlege og vil variera på grunn av vær, farten til syklistane og anna trafikk.

Tour des Fjords andre etappe

TUNNEL: Proffsyklistane får sjå både innsida og utsida av Vestlandet på sin ferd gjennom vestlandsfylka.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

– Bli med på festen

Lokna på politiets operasjonssentral ber spesielt folk som skal heim frå arbeid på ettermiddagen om å sjekke tidene nøye.

– Eg oppfordrar folk som blir råka om å lesa seg opp på stengetidene. Og dei som elles må venta for passering, kan gå ut av bilane og vera med å heia. Dette blir eit stort arrangement og det er kjekt å få med seg.

Eitt punkt det kan bli ekstra lange køar er der syklistane skal kryssa frå E39 til E134 på Aksdal. Her er det stengd veg frå klokka 15.45 til 17.30, fortel Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen.

– I tillegg er det viktig at dei som skal ut til flyplassen på Karmøy i ettermiddag ikkje blir for seine. Dei bør vere over Karmsund bro før klokka 16.00, for etter det blir det stengd i nokre timar.

Ho ber bilistar følge med på internett og informasjonstavler langs vegane.

Samandraget i Tour des Fjords ser slik ut før 3. etappe:

  1. Dries van Gestel
  2. Timo Roosen (+24)
  3. Edvald Boasson Hagen (+31)
  4. August Jensen (+36)
  5. Kasper Asgreen (+40)
  6. Andreas Vangstad (+40)
  7. Lennard Kämna (+40)
  8. Eliot Lietaer (+40)
  9. Bjørn Tore Hoem (+40)
  10. Nick van der Lijke (+40)

Dei to siste etappane går frå Stavanger til Sandnes i morgon, før rittet avsluttast mellom Hinna Park og Stavanger på søndag.

Etapper i Tour des Fjords

TOUREN: Tour des Fjords består av fem etappar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Rittet avsluttast søndag.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.