Sjølv om det i den siste tida ikkje har blitt fiska lodde så aukar ikkje bestanden. Difor meiner forskarane at det heller ikkje neste år bør opnast for loddefiske.
Tilrår forbod
Det har lenge blitt ropt varsku når det gjeld torsken i Nordsjøen, og sjølv om forskarane har tilrådd forbod mot å fiska torsk i Nordsjøen så har regjeringa i Noreg og EU-landa likevel tillate eit visst fiske.
Det har no gjort situasjonen verre.
- Ja, for torsken så har me ingen nyhende å komma med. Situasjonen er den same som ifjor. Me har ein altfor låg gytebestand av torsk, og rekrutteringa ser dårleg ut, seier forskar Knut Korsbrekke.
Gir EU-fiskarane skulda
Noko av det som øydelegg torskebestanden i Nordsjøen er at mykje torsk blir kasta ut i havet att. Korsbrekke gir EU-fiskarane skulda.
- Det norske fiskeriet er jo ikkje eit trålfiske slik som det elles blir drive internasjonalt. Det norske fisket er stort sett eit garnfiske retta mot storfisk, og så langt eg veit er det svært bra forvalta, fortel han.
Mykje svart fiske
Dei fiskeslaga det ser lysare ut for er hyse, sei, makrell og vårgytande sild.
Dei internasjonale forskarane som i dag kom med råda sine klagar over mykje svart fiske, underrapportering av fangst og fisk som blir kasta.
Dette meiner dei gjer det ekstra viktig å ta råda deira på alvor.