Hopp til innhold

Toro-eksplosjonen kan gi omfattande tiltak på fleire Orkla-fabrikkar

Mannen som fekk alvorlege brannskadar i eksplosjonen på Toro er framleis sjukmeld etter hendinga. Arbeidstilsynet klandrar ikkje Toro for ulukka.

Eksplosjon ved Toro-fabrikken

TORO KAN IKKJE KLANDRAST: – Ingen kunne føresett denne ulukka, seier Bjarte Nes i Arbeidstilsynet.

Foto: Aleksander Vallestad

Bjarte Nes
Foto: NRK

Toro-fabrikken i Arna har hatt to eksplosjonsulukker på halvanna år. I mars vart to personar skadd og ein av dei fekk alvorlege brannskadar under ein støveksplosjon på fabrikken.

Arbeidstilsynet sa då at dei ser alvorleg på to så like ulukker på så kort tid. Men no har dei konkludert med at Toro ikkje kan klandrast.

– Ingen kunne føresett ulukka, seier seniorinspektør i Arbeidstilsynet Bjarte Nes.

LES OGSÅ: Eksplosjon i Toro-fabrikken - Hordaland

Eit lite støyt starta eksplosjonane

– Me har brukt lang tid på å finne årsaka til eksplosjonen, seier kommunikasjonssjef i Orkla Foods Norge, Hanne Dankertsen.

Ho seier statisk elektrisitet frå kroppen til operatøren var nok til å utløyse eksplosjonen, noko som var overraskande både for Toro, Orkla og Arbeidstilsynet.

– Årsaka er elektrostatisk utlading frå operatør og til støvskya. Det blir som om dersom du tek i bilen din og får støyt. Den gnisten er nok til å skape ein eksplosjon.

Innfører tiltak for å hindre nye ulukker

No arbeider Orkla og Toro med å få installert antistatiske golv. Dei tilsette skal også bruke antistatiske kle og sko. I tillegg kjem nytt utstyr på plass som gjer at ein kan tømme råvarene utan at det oppstår noko støvsky.

Dei kartlegg også andre Orkla-fabrikkar, og vil vurdere tiltak dersom det viser seg at liknande hendingar kan oppstå.

Mannen som fekk alvorlege brannskadar i eksplosjonen er framleis sjukmeldt etter hendinga.

LES OGSÅ: Brann i Toro-fabrikk i Bergen - Hordaland