Hopp til innhold

Asylantane tør ikkje stola på politiet

Asylantane som sitt i Johanneskirken har i dag vore i møte med politiet og menighetsrådet.

Asylanter i Johanneskirken i Bergen

Asylantane er i dialog med både politikarar, politiet og kyrkjeleiinga.

Foto: NRK

15 asylantar har halde til i Johanneskirken midt i Bergen sentrum sidan søndag .

– I møtet i dag forklarte me at me er redde for å gå ut frå kyrkja, seier Babak Majed, talsmann for asylantane.

– Politiet sa at dei ikkje har fått beskjed om å arrestera nokon, og at me ikkje treng å bekymra oss for å komma ut. Det veit me, men viss dei då får beskjed om å arrestera oss, så må dei reagera, seier Majed.

Håpar å finna ei felles løysing

Babak Majed

Babak Majed

Foto: Lene Granli / NRK

Asylantane har skrive eit brev om situasjonen sin og kven dei er, som dei tysdag las for politikarar. I møtet med politiet i dag las dei opp dette brevet på ny.

Asylantane kjem frå Iran, Afghanistan og Kurdistan og Etiopia. Dei fryktar for liva sine viss dei blir sendt tilbake til heimlanda sine. I brevet dei har skrive står det blant anna at dei leitar etter tryggleik og eit verdig liv.

– Spørsmålet er kva det betyr for politikarane, seier Majed.

– Kva skjer vidare no?

– Me veit ikkje. Me er på same stad og me ventar. Me skal ha meir kommunikasjon med politikarar og andre for å finna ei løysing saman, seier Babak Majed.

Har blitt dårlege av å sveltestreika

Menighetsrådet har vedtatt at så lenge dei 15 mennene er der, skal Johanneskirken haldast stengt . Mennene har førebels ingen planar om å forlata Johanneskirken, og veit ikkje kor lenge dei vil bli.

– Me trur på dialog. Me trur at viss me vekslar vår forklaring så kan me saman finna ei løysing, seier Majed.

Medan dei har sitte i Johanneskirken har dei også sveltestreika. Dette har byrja å gå ut over helsa til eit par av dei, men dei har planar om å halda fram med sveltestreiken.

– Me har kontakt med helsevesenet og legevakt for å best mogleg kunna ta oss av dei som blir dårlege, seier Babak Majed.

Helsepersonell var i dag tre timar i Johanneskirken for å sjekka korleis det står til med asylantane. Dei kunne melda at mennene er i varierande form, men ingen har behov for akutt behandling.

– Kan på sikt få ei løysing

Dagens møte kom i stand etter at menighetsrådet hadde vore i kontakt med politiet. Politiet sa då at dei gjerne ville møta asylistane.

Kristin Knudsen, leiar i menighetsrådet, deltok på møtet. Ho opplyser at det var eit konstruktivt møte og at dei har god dialog.

– Eg har ikkje noko konkret å melda frå møtet, men me har fått litt andre ting å tenka på, som kanskje på sikt kan føra til ei løysing, seier Knudsen.