Toppen nådd for stormfloda på Vestlandet

Det var venta ekstremt høg vasstand under ekstremvêret «Vidar» i dag.

Stormflo ved Bryggen i Bergen

DIREKTE NO: Vi følgjer stormfloden på Vestlandet frå klokka 09.00, her på NRK.no og på NRK1.

SISTE: Klokka 10.40 har stormfloda nådd toppen i både Stavanger og Bergen. I Bergen gjekk vatnet over kaikantane både i Sandviken og et stykke ute på Bryggen. Rett framfor Bryggen derimot, nådde aldri vatnet heilt over.

Meteorologane sende ut følgande ekstremvarsel onsdag ettermiddag.

«I dag, torsdag, er det på grunn av lavt lufttrykk, pålandsvind og fullmåne ventet ekstremt høy vannstand ved flo om formiddagen. Vannstanden er ventet å bli 60-80 cm over det som er oppgitt i tidevannstabellen. Estimert returperiode for denne vannstanden er 20 år. Det er samtidig ventet høye bølger ytterst på kysten. Signifikant bølgehøyde er beregnet til 6-8 meter», heiter det i varselet.

Gå til forsiden

Ekstremværet «Vidar» i Hordaland

Stormflo ved Bryggen i Bergen

Ekstremværet «Vidar» i Hordaland

27 bilder

    Vêrkombo gir stormflod

    Frå klokka 09.00 og utover formiddagen kan vasstanden stiga med 225 cm over sokalla sjøkartnull (det nivået vasstanden sjeldan går under).

    Grafen under viser dei siste målingane for vasstanden i Bergen, Stavanger og Måløy.

    Laster innhold, vennligst vent..

    – Det er kombinasjonen av lågt lufttrykk, fin fullmåne og pålandsvind som gir høg vasstand i dag. Slik vasstand som vi varslar no, skjer ein gang kvart tjuande år, seier meteorolog Martin Granerød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

    Direkte frå Vestlandet

    NRK sender direkte frå fleire stader på Vestlandet. Frå klokka 09.00 kan du følgje floden i Stavanger, Bergen og Måløy. Vasstanden vil vera på det høgaste frå då og framover mot 11.30.

    Sendinga går i sin heilskap både her på NRK.no og på NRK2.

    Både parkeringsplassar, vegar og bygningar står i fare for å bli sett under vatn på Vestlandet i dag.

    Politiet oppfordrar personar som har parkeringsplass på kaiar til å vurdere å parkera andre stader. I Bergen blir også bilistar bedne om begrensa køyringa i sentrum mellom 09.00 og 13.00.

    – Vegar kan bli stengde på kort varsel grunna vasstanden. Vi oppfordrar også bilistar som har parkert ved kai eller sjø om å sjekke bilen, slik at dei unngår unødig skade, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

    Bergen: 225 cm over sjøkartnull

    Rekorden er på 240 centimeter frå 1990. I 1993 vart det mål 233 centimeter i Bergen.

    – På Bryggen i Bergen går vatnet over når vasstanden er mellom 200 og 205 cm. Prognosane i dag syner ein maksverdi på mellom 220 og 225 cm. Det vil seie at det blir vatn langt over Bryggen, seier meteorolog Granerød.

    Brannvesenet var onsdag ettermiddag på synfaring på Bryggen. Dei vil ta i bruk utstyr som aldri tidlegare er testa mot sjø, men set ikkje inn ekstra mannskap.

    Kjetil Sørensen på Bryggen i Bergen

    KLAR: Kjetil Sørensen framfor butikken på Bryggen. Han er klar for vassmengdene.

    Foto: Even Norheim Johansen / NRK

    Stavanger: 174 cm over sjøkartnull

    Vi må tilbake til 1994 for å finna liknande vasstand i Stavanger. Også i Stavanger vil ein bruka heilt nytt utstyr i kampen mot vassmengdene.

    - Det er ei slags pølse på 140 meter som blir fylt med vatn og som skal rullast ut inst i Vågen. Den vil forhåpentlegvis vera eit veldig godt flaumvern, seier beredskapssjef Torstein Nielsen i Stavanger kommune.

    Vannet over Vågens bredd i Stavanger
    Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

    Måløy: 270 cm over sjøkartnull

    I Måløy syner prognosane ei vasstand på heile 270 centimeter over sjøkartnull. Rekorden er frå 1993, då vatnet stod 282 centimeter over.

    Brannsjef i Vågsøy Kim Hjelle seier det er nokre område og bygg dei følgjer ekstra med på:

    – Vi er vande med dårleg ver og vi har hatt høg flo før så nokon akutte situasjonar trur eg vi ikkje kjem til å oppleve. Sjølvsagt må folk vere obs, sikre båtar og lause gjenstandar og følgje med i morgon føremiddag, seier Hjelle.

    Meteorologane åtvarar mot at ekstremveret Vidar kan gi store materielle skadar på Vestlandet.

    DIREKTE: NRK har sett opp eit kamera som følgjer stormfloden i Måløy.

    Siste video

    Programleder: Jan Børge Leirvik
    Peter Orry Larsen har signert ein toårskontrakt med SK Brann
    70-årsjubilanten feira bursdagen i NRK Hordaland sitt radiostudio.