Tomt på kvart tiande kontor

Aldri før har så mange kvadratmeter kontorbygg stått tomme i Bergen. 10, 4 prosent av kontora er ikkje i bruk, skriv BT. – Sjølv om 220.000 kvadratmeter kontorbygg no står tomme, er det berre marginalt meir enn i 2016. Og utsiktene framover tyder på høgare utnytting av kapasiteten, seier Lars M. Kyte i Kyte Eiendom Næringsmegling til avisa. Færrast ledige kontor er det i sentrum, der leigeprisane er høgst.