Hopp til innhold

Her har Tommy klatra til topps på sju kontinent

BERGEN (NRK): Tommy Steinsland med i eksklusiv fjellklatreklubb som har fullført «Seven Summits».

Tommy Steinsland på høgaste toppen i Antarktis

7 TOPPAR: Se Tommy Steinslands bilete frå dei høgaste toppane på kvart kontinent.

Foto: Privat

Det er laurdag 6. januar. Tommy Steinsland frå Bergen er langt heimanfrå. Han står 4892 meter over havet, midt i Antarktis.

Frå toppen av Mount Vinson er det is og snø så langt auget kan sjå.

Tommy Steinsland

HEILT TOPP: Tommy Steinsland er tilbake i Bergen etter å ha klatre dei høgaste toppane på kvart av dei sju kontinenta.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det var veldig spesielt. Ein kjenner at ein er langt vekke der ein står der midt i Antarktis, med ein nydeleg natur rundt seg, fortel Steinsland.

Denne veka kom bergensaren heim att frå den siste av sju turar som gjer at han har fullført «Seven Summits», det vil seie å klatre dei høgaste fjelltoppane på kvart av dei sju kontinenta.

– Det har ikkje vore eit mål å klare det før for kort tid sidan, fortel Steinsland, som er den første frå Hordaland som har fullført utfordringa.

Eksklusiv klubb

Utfordringa om å klatre dei sju toppane vart lansert av den amerikanske klatraren Richard Bass på 1980-talet.

Litt over 400 personar i verda hadde gjort dette per 2016.

Ifølge ekspedisjonsnettstaden Pizpalü (ekstern lenke) har totalt tolv nordmenn no fullført sine «Seven Summits»-prosjekt.

– Då eg var på Mount Everest i 2016 var eg nesten i mål. Men det er dyrt å reise på desse turane, så eg haldt litt igjen. Til slutt bestemte eg meg for at eg måtte ta den siste toppen også. Så har eg i alle fall gjennomført, seier Steinsland.

Han har no klatra:

  • Mount Everest i Asia
  • Aconcagua i Sør-Amerika
  • Denali i Nord-Amerika
  • Kilimanjaro i Afrika
  • Elbrus i Europa
  • Mount Vinson i Antarktis
  • Mount Kosciuszko i Australia

– Eg hugsar Mount Everest spesielt, fordi det er den høgste toppen. Men eg synest Mount Vinson var behageleg, og ei oppleving eg kunne nyte meir. Det er ikkje så ekstremt høgt og ein treng ikkje frykte ras på same måte, seier Steinsland.

Bla deg gjennom alle toppane i verdskartet under:

Seven Summits

Ikkje ferdig å klatre

Steinsland driv sjølv eit firma der han tek med seg nordmenn som vil oppleve klatreturar litt utanom det vanlege.

– Ein må like å slite og godta å ha det ukomfortabelt over lengre tid. Men det er nok mange forskjellige typar menneske som har klatringa som interesse. I det store og heile handlar det mykje om kva ein toler av høgde.

Korleis hamna du i dette?

– Det begynte med at eg klatra kjende fjell her heime, det har eg alltid likt. Snart har eg klatra alle toppane i Noreg som er 2000 meter høge. Når ein har ei slik interesse, ballar det fort på seg, seier Steinsland.

Og han har ikkje tenkt å gje seg no.

– Sjølv om eg ikkje har nokon konkrete planar framover vil eg klatre høge fjell i mange år framover.

Mount Everest

VERDAS HØGSTE: Mount Everest er verdas høgste fjell med sine 8848 meter.

Foto: Pixabay