Hopp til innhold

Tom for pantepenger

2 millionar pantekroner blei rive vekk på ein time i dag. For bergensarane kunne frå i dag få pante sin gamle omn og få 5000kr. I løpet av ein time hadde 380 bergensarar meldt seg til å fjerne sin gamle omn, dermed var pengane kommunen hadde sett av til formålet brukt opp for denne gang. Klimabyråd Julie Andersland er glad for at folk brukar ordninga og håpar kommunen kan finne meir pengar slik at fleire no kan få pante omnen sin.

Vedfyring
Foto: Scanpix