Hopp til innhold

Tolv kommunar kan miste tannlegen

Ordførarar varslar opprør mot kuttforslag i tannpleietilbodet. – Ein frykteleg dårleg plan, meiner Masfjorden-ordførar Karstein Totland.

Tannlege i arbeid

VIL KUTTE: Fylkestannlegen i Hordaland vil ha større tannklinikkar, og føreslår å legge ned tannlegetilbodet i tolv kommunar. Det slår dårleg an i distriktet.

Foto: Frank May / NTB scanpix

Fylkestannlegen i Hordaland meiner at talet på tannklinikkar i fylket må ned. Forslaget er legga ned 18 av dei vel 50 tannklinikkane rundt om i fylket.

Det betyr at innbyggjarar i tolv kommunar i Hordaland ikkje lenger vil ha noko offentleg tannlegetilbod i sin eigen kommune.

– Dei to viktigaste årsakene er fagleg vurdering og sjølvsagt økonomi, seier fylkestannlege Arne Aasan.

Vil ha større tannklinikkar

I framtida ser han føre seg færre, men større tannklinikkar for å gi eit best mogleg tilbod til alle dei som har krav på gratis tannlegebehandling. Fylkestannlegen meiner større einingar vil ha betre stabilitet og fagmiljø.

– Men det betyr at pasientane i større grad må reisa til klinikkane, seier Aasan.

Det er innbyggarane i følgjande kommunar som må reisa ut av kommunen for å få tannlegehjelp, om fylkestannlege får det som han vil:

  • Masfjorden
  • Modalen
  • Meland
  • Radøy
  • Fedje
  • Sund
  • Vaksdal
  • Samnanger
  • Tysnes
  • Ullensvang
  • Granvin
  • Ulvik

Medan Modalen har det minste tilbodet, har andre klinikkar fleire årsverk.

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden for Høgre

MOTSTAND: Ordførar Karstein Totland (H) i Masfjorden er lite nøgd med at kommunen kan mista tannlegetilbodet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Varslar opprør

Forslaget om å legga ned tannlegetilbodet i tolv kommunar, møter motstand hjå dei som ligg an til å mista tannlegen.

– Me reagerer veldig negativt på dette. Eg meiner det er ein frykteleg dårleg plan, og han tek ikkje omsyn til brukarane, seier ordførar Karstein Totland (H) i Masfjorden.

Saman med fleire ordførarar varslar han no eit opprør mot det han meiner er ei storstilt sentralisering av tannhelsetilbodet. Totland krev av at fylkespolitikarane, som har det siste ordet, stoppar nedleggingsprosessen.

– Det er dei yngste og dei eldre som blir råka av dette. Dei må reise lange avstandar for å få behandling og det gir eit dårlegare tilbod, seier Totland, og får støtte frå rådmannen i Modalen kommune.

– Dei må kanskje ut på ei dagsreisa for å få den same tenesta. Det er dårleg samfunnsøkonomi og det svekker grunnlaget for å halda oppe eit godt tilbod og sikra busetting i distrikta, seier Øivind Olsnes.

Rådmann Øivind Olsnes i Modalen kommune

TRUR ELDRE BLIR RÅKA: Rådmann Øivind Olsnes i Modalen kommune seier det er dei yngste og dei eldre som blir råka når dei må ut av kommunen for å få tannlegehjelp.

Foto: Sølve Rydland / NRK

1 av 5 rom ikkje i bruk

Men i Modalen er ikkje tannlegestolen i bruk meir enn to dagar i månaden. Det er eitt av argumenta til fylkestannlege Arne Aasan, som vil ha ned talet på behandlingsrom som ikkje blir brukt.

– Vi har 204 behandlingsrom i Hordaland. 38 av dei er anten aldri i bruk, eller i bruk i mindre enn femti prosent av tida. Det er store verdiar som berre står og ikkje blir brukt, avsluttar Aasan.

I kuttforslaget hans ligg det også inne at seks klinikkar i Bergen blir slått saman til tre.