Hopp til innhold

Tok sonen ulovleg ut av landet

Politiet vil varetektsfengsle ei kvinne frå Hordaland i fire veker, etter at ho skal ha tatt sonen i 10-årsalderen ulovleg ut av landet og latt han bli der. Det skriv BT. Det var i februar at mora reiste ut av landet med sonen, etter at barnevernet hadde reist sak om at dei skulle overta omsorga. I mars kom mora tilbake til Noreg utan guten, og politiet veit framleis ikkje kvar sonen er.