NRK Meny
Normal

Tok med eit lite barn på tur til Trolltunga

Utanlandsk familie utløyste stor redningsaksjon. – Det kunne gått gale om dei ikkje hadde snudd i tide, seier Røde Kors Hjelpekorps.

Aksjon på Topp

OPPDRAG: Hjelpekorpset vart kalla ut for å assistere ambulanse med eit oppdrag på stien mot Trolltunga i går kveld.

Foto: Tyssedal Røde Kors Hjelpekorps

Like før klokka sju onsdag kveld, kom det ei bekymringsmelding frå ein turist som hadde sett eit par med eit lite barn på om lag tre år på tur til Trolltunga.

– Vi fekk ei alvorleg melding om at eit lite barn hadde problem i området på Mågelitopp på vegen mot Trolltunga, seier Anders Nondal, administrativ leiar i Tyssedal Røde Kors Hjelpekorps.

Turisten hadde blitt bekymra og melde frå til politiet, skriv Hardanger folkeblad.

Uklare meldingar

Tyssedal Røde Kors Hjelpekorps rykka først ut med ein firhjuling og saman med ambulansemannskap tok dei seg raskt opp til området.

Fjellvakta blei meldt om hendinga og leita etter paret med treåringen, men fann dei ikkje. Politiet hadde problem med å få tak i meldar, og difor vart det vanskeleg å vite kor paret var.

– Meldingane var uklare, så då vi ikkje fann dei kalla vi ut fleire mannskap.

Mannskap frå Odda Røde Hjelpekorps, Kinsarvik Røde Kors Hjelpekorps og fleire frå Tyssedal Røde Kors Hjelpekorps møtte opp.

Tok seg ned på eiga hand

– Vi leita lenge før vi møtte på paret, som hadde eit barn under skulealder. Dei meinte sjølv at dei ikkje hadde store problem, så dei tok seg ned til Skjeggedal på eiga hand, seier Nondal.

Korleis var tilstanden?

– Tilstanden verka eigentleg grei, det var ikkje noko fare med barnet då, seier Nondal.

Turister på Trolltunga

AKSJONAR: I fjor hadde Røde Kors Hjelpekorps til saman 42 redningsoppdrag til Trolltunga.

Foto: Asle Hella / NRK

Tatt seg inn i nødbua

Det viste seg at familien hadde tatt seg inn i den første nødbua på Floren, ca 5-6 km frå Trolltunga. Dei fann ut at dei ikkje kunne fortsette å gå vidare, så faren og barnet vart igjen i nødbua. Mora hadde derimot gått vidare, før ho kom tilbake. Deretter tok dei ungen med seg ned igjen mot Skjeggedal.

– At paret fann ut undervegs at dei ikkje kunne gå vidare, viser at dei i alle fall hadde litt fornuft, seier Nondal.

Kvart over ni hadde ambulansen fått sjekka både barnet og dei vaksne, og funne at alt var i orden. Familien skal ikkje vere norske.

Bør tenke seg veldig godt om

– Om ein tar born med til Trolltunga, så skal ein ha tenkt seg veldig godt om på førehand. Då må ein ha med ekstra mat og klede, og ein må ha med masse utstyr.

Denne veka har det vore nede i berre fire varmegrader om morgonen oppe på fjellet, og det kan fort bli vinter på stien.

– Det kunne gått gale om dei ikkje hadde snudd i tide, seier Nondal.

Det er første gong Røde Kors Hjelpekorps må rykke ut på oppdrag med barn i år, men det er ikkje første gong det har skjedd. I fjor måtte dei rykke ut til ei britisk mor og hennar eitt år gamle son som fekk problem på turen ned igjen frå Trolltunga.

– Eg trur mange endå ikkje veit kor lang denne turen kan vere, og kor viktig det då er med riktig utstyret og kunnskap, legg Nondal til.

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.