Hopp til innhold

Tok farvel med bestekameraten: – Hågen sette alltid andre sine behov fyrst

VOSS (NRK): Kyrkja var overfylt, og det var ikkje plass til alle under gravferda til Hågen Skattum. 21-åringen omkom i ei sprengingsulukke førre fredag. – Ingen kan ta hans plass, seier to av hans næraste vener.

Sersjant Hågen Skattum som døde i en sprengningsulykke på skytefelt på Skjold i Troms, blir fredag begravet fra Vangskyrkja på Voss.

DJUPT SAKNA: – Hågen var ven med alle. Han hadde så mange sider, men alle var gode, seier to av dei næraste venene hans.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Det var ikkje plass til alle vener, familiemedlem og soldatar som ynskja å ta farvel med Hågen Skattum under gravferda.

Seremonien vart sendt på video både til Park Hotel på Voss og Skjold leir i Troms då Skattum vart gravlagd i ettermiddag.

Den 21 år gamle sersjanten omkom etter ei sprengingsulukke på Mauken skytefelt 27. oktober.

To av hans aller næraste vener, Gorm Nikolaisen og Sara Borch Atterås, omtalar Skattum som ein som var likt av alle.

– Hågen var morosam, utadvendt og engasjert, og alle var begeistra for han. Han var flink til det meste, og han ein person ein verkeleg kunne stole på. Det kjem vi til å sakne, seier Atterås.

Sersjant Hågen Skattum som døde i en sprengningsulykke på skytefelt på Skjold i Troms, blir fredag begravet fra Vangskyrkja på Voss.

HEILT FULLT: Kyrkja vart etter kvart så full at ein del av dei som ynskja å ta farvel med Hågen Skattum måtte følgje gravferda på video.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Han kjente alle på Voss

Dei to vart kjende med Skattum i åttandeklasse, og har vore vener sidan.

– Ikkje alle venskap har bestått, men eg trur Hågen hadde kontakt med alle venene frå den tida. Han var heilt fantastisk, og sette alltid andre sine behov framfor sine eigne, seier Atterås.

Begge slit framleis med å tru det som har skjedd.

Ingen av dei er overraska over at det ikkje er plass til alle i kyrkja.

– Det har vore ei enorm mobilisering med minnestunder og opne hus. Eg trur Hågen kjente dei aller fleste på Voss, seier Nikolaisen.

Sara Borch Atterås og Gorm Nikolaisen

SAKNAR BESTEKAMERATEN: – Ingen kan ta hans plass, seier venene til Hågen Skattum, Sara Borch Atterås og Gorm Nikolaisen.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Ein super storebror

Det var latter og tårer om ein annan under talene. Mor Kjersti og far Håvard beskriv sonen som ein super storebror for dei tre sysknene sine.

Dei trekte også fram at dei tenkjer mykje på dei som var til stades under ulukka.

– Dei opplevde noko som aldri skal skje, sa far til Hågen.

Mange historier frå 21-åringen sitt liv vart delte, og foreldra og syskena fortel om ein flott gut, ungdom og etter kvart mann som viste omsyn for alle.

– Det var smertefullt å setje deg til live, men ingenting kan måle seg med den smerta eg kjenner no, sa mora.

Samla kor på over 40 personar

Under dei fleste talane vart det understrekt at sersjanten var svært musikalsk.

– Vi gjekk saman på musikklinja, og eg ville synge ein song for han i gravferda. Då andre vi gjekk på skule med fekk høyre det, ville dei også vere med, seier venninna Sara Borch Atterås.

Det førte til eit kor på over 40 personar som framførte salmen «Irish Blessing» i kyrkja.

– Hågen hadde mange sider, men alle var gode

Dei to venene trur Skattum hadde gjeve grei beskjed om han kunne sjå dei no.

– Han hadde bede oss om å slutte å grine, seier Nikolaisen.

Han var nemleg ein som ikkje var redd for å sei ifrå.

– Han kunne vere skarp og mjuk, og han var så mykje. Han hadde så mange sider, men alle var gode, seier Atterås.

Nærare 100 frå Forsvaret deltok

Odin Johannessen, generalinspektør i Hæren

GJEV SKRYT: Generalmajor og sjef i Hæren, Odin Johannessen berømmar familien Skattum i tida etter ulukka. Han fortel at dei har vist enorm støtte til soldatane som opplevde ulukka på tett hald.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Også i Forsvaret er dei svært prega av hendinga. Nærare 100 personar frå Hæren deltok i gravferda.

Generalmajor og sjef i Hæren, Odin Johannessen, fortel at dei vil minnast Hågen kvar dag i tenesta.

– Hågen har sett solide spor. Det var ei fin og minnerik gravferd, seier han.

Johannessen skryt av familien Skattum.

– Dei har vore rause, varme og gjeve støtte til Hågen sine medsoldatar som var tett på den tragiske ulukka, seier Johannessen.