Hopp til innhold

Deler av Bergensbanen er stengd

Eit tog som kom frå Myrdal vart ståande inn i ein tunnel 300 meter frå Voss stasjon etter at eit tog reiv ned ein køyreledning. Det er ikkje togtrafikk mellom Urdland og Evanger.

urdland

– Me håpar problemet vert løyst i løpet av dagen. Det påverkar veldig mange menneske med Flåmsbana, Myrdal, Voss, Bergen, alle til og frå Oslo, seier Håkon Myhre som er pressevakt i NSB.

Passasjerane blei evakuert til Voss stasjon, og det er sett opp ein buss mellom Urdland og Evanger. Deretter blir det tog opp til Myrdal.

– Rundt 12.20 fekk me melding om at eit lokaltog hadde rive ned om lag 150 meter av køyreleidningen, seier Harry Korslund som er pressevakt i Jernbaneverket.

– Det har ført til at me er i full sving med å utbetre dei skadane som det har foråsaka, og konsekvensen av det for dei reisande er at det er buss for tog, seier han.

Reknar med å fikse seint sundag

Jernbaneverket jobbar med å få retta feilen og reknar togtrafikken er i gang på normal måte først seint sundag ettermiddag.

– Me reknar med at me i løpet av sein ettermiddag skal kunne skal kunne ta opp att trafikken på vanleg måte, seier Korslund.

– Me vil anbefale dei reisande som skal ut og reise på Bergensbanen om å kontakte NSB for å få oppdatert informasjon, legg han til.

Manglar bussar

Sjølv om det er sett opp buss så opplyser pressevakt i NSB, Håkon Myhre, at det er behov for fleire bussar.

– Det er vanskeleg å få tak i nok bussar i og med at det er såpass mange menneske som ferdast i dette området no på ein sundag, med både turistsesong og lokaltrafikk, seier han.

– Dei bussane me har køyrer det dei kan, og så vil eg oppfordre dei som reiser og dei som skal reise med NSB i dag at dei følger med, høyrer kva kunderettleiar seier, kva som blir sagt over høgtalar på stasjon og kva som ligg på nsb sine nettsider, legg han til.

Har du bilete eller tips? Kontakt oss på 03030.