Tog køyrte inn i stort jordras ved E16

Eit 40 meter breitt jordras har gått over både E16 og Bergensbanen i Vaksdal. – Me skjønte med ein gong at me hadde køyrt inn i eit ras, seier ein av passasjerane på toget.

Ras E16 Vaksdal

Jordraset dekkjer heile E16 mellom Stanghelle og Trengereid.

Foto: John Brudvik
Ras på E16 og Bergensbanen

Dette bildet er tatt av ein av passasjerane på toget som køyrde inn i raset. Bergensbanen går på innsida av E16 på staden.

Foto: Privat

Det er politiet som melder dette like før klokka 13.30 tysdag. Det er ikkje meldt om personskade. Både Bergensbanen og E16 er stengt som følgje av raset.

– Vi fekk melding klokka 13.18 om at eit stort jordras har gått over både E16 og Bergensbanen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund til NRK.

Eit lokaltog skal stå inne i raset, men 110-sentralen Hordaland har fått beskjed frå personalet på toget at det ikkje er personskade blant passasjerane.

40 personar om bord

– Alle dei 38 passasjerane og dei to tilsette som var på lokaltoget er frakta til Trengereid, der dei ventar på buss, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund til NRK litt over klokka 15.00.

Passasjerane ventar der på buss som alternativt transportmiddel.

– Rasstaden er klarert, i den forstand at det ikkje går fleire ras i området. Men no må vi venta på geolog frå Statens vegvesen, seier Hellesund.

Geolog er venta i løpet av ettermiddagen, for å vurdere om området er trygt.

Omkøyrings via fv. 7

E 16 er stengt, og omkøyring er via fv. 7 over Kvamskogen via Granvin. Statens vegvesen melder at det vil bli manuell dirigering av trafikken på dei smalaste områda i Granvin.

– Folk må ta tida til hjelp når dei køyrer her, seier Hellesund.

NSB køyrer buss på strekninga Arna-Garnes og båt mellom Garnes og Stanghelle.

Tog på Bergensbanen treft av jordras i Vaksdal

Her har lokaltoget rygga vekk frå raset og passasjerane evakuert. Det er to rasoverbygg på Bergensbanen på denne staden, og mesteparten av jordraset har heldigvis treft desse.

Foto: Hans-Erik Ringkjøb / 03030-tipsar

Ordførar var i toget.

Ein av dei som hamna midt i raset var Voss-ordførar Hans Erik Ringkjøb.

– Det var ein kraftig nedbremsing i forkant. Me hadde relativt liten fart då me køyrde inn i raset. Då stod vasspruten rundt toget og me skjønte at me hadde køyrt inn i eit ras, seier Ringkjøb om den dramatiske opplevinga.

Vurderar søk i fjorden

Politi og brannvesen vurderar å gjera søk i fjorden utanfor E16 i Vaksdal.

Årsaka er at luftambulansen har observert oljesøl i fjorden. Vaktkommandør Arne Rikstad hjå 110-sentralen seier dei ikkje trur ein bil er tatt av raset.

– Ein trailersjåfør såg raset og han seier det ikkje var bilar framfor han då raset kom. Men vi vurderar situasjonen fortløpande. Det er ikkje unormalt at det dukkar opp oljesøl når det kjem mykje massar, seier Rikstad.

49 meter breitt ras

Statens vegvesen opplyser at raset er kring 40 meter breitt. Seinast i går gjekk NVE ut og åtvara mot fare for jordskred i Hordaland og Sogn og Fjordane. Faregraden vart sett til nivå 2, gult.

Raset har gått mellom Langhelletunnelen og Bogetunnelen i Vaksdal. På denne staden ligg E16 nærmare fjorden enn det Bergensbanen gjer. Lokaltoget som vart tatt var på veg mot Voss.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.