Hopp til innhold

To unge menn omkom i MC-ulykke – politiet finn ikkje ut kven som køyrde

No blir ulukka lagt bort av politiet.

Dødsulykke på Dale

BLOMAR: Pårørande og kjente la ned blomar i vegkanten der ulukka skjedde. Ulukka har råka heile Vaksdal kommune, seier ordføraren.

Foto: Mats Arnesen / NRK

Natt til 19. juli 2018 døydde to menn på 19 og 22 år då motorsykkelen dei sat på kolliderte i eit autovern på E16 ved Dale i Vaksdal kommune.

Seinare vart det kjend at det var Knut Skjervheim Vedaa (19) frå Stamnes og Nickolay Rørgård Faugstad (22) frå Stanghelle og busett på Stamnes, som mista livet i ulukka.

Ingen vitne

Vegvesenet si ulukkesanalysegruppe og krimteknikarar frå politiet gjorde undersøkingar i fleire timar etter ulukka.

Ingen såg sjølve ulukka, men fleire vitne hadde observert dei to mennene på motorsykkelen berre minuttar før kollisjonen.

Ulukka har gjort eit djupt inntrykk på lokalsamfunnet i tida etter. Ordførar i Vaksdal, Eirik Haga (Ap) kalla dødskrasjen ein stor tragedie.

– Det har skjedd ein del ulukker på denne vegen, men det er ein like stor tragedie kvar gong, seier han.

No, sju månadar etter ulukka, stadfestar politiet at etterforskinga er avslutta.

To unge menn omkom i motorsykkelulykke på E16 ved Dale

OMKOM: To menn på 19 og 22 år mista livet i MC-ulukka natt til torsdag på E16 mellom Bergen og Voss.

Foto: ANDERS KJØLEN / BERGENSAVISEN

Fann rusmiddel

Den kriminaltekniske granskinga har ikkje avdekka kven av dei to mennene som køyrde motorsykkelen den aktuelle natta.

Det er ikkje funne feil ved den strake vegstrekninga som kan ha ført til ulukka. Lufttrykket i dekka skal ifølgje politiet ha vore lågt. Dessutan skjedde truleg ulukka i høg fart.

– Denne kombinasjonen kan ha medverka til ulukka, seier politiadvokat Ingrid Postvoll.

Den rettsmedisinske undersøkinga har òg avdekka rus i blodet på begge dei unge mennene.

– Av omsyn til dei etterlatne ønskjer vi ikkje å kommentere kor mykje rus i blodet me fann, seier Postvoll.

Påtalemakta er difor valt å legge bort saka.

To unge menn omkom i motorsykkelulykke på E16 ved Dale

OMKOM: To menn på 19 og 22 år mista livet i MC-ulukka natt til torsdag på E16 mellom Bergen og Voss.

Foto: ANDERS KJØLEN / BERGENSAVISEN