Hopp til innhold

Polakkar flaug drone ved Haakonsvern – pågripne av militærpoliti

Militærpolitiet aksjonerte då turistar på noregsferie flaug drone like ved Nord-Europas største marine militærbase. Det er ikkje mistanke om spionasje, men polakkane får 8000 kroner i bot.

Haakonsvern

MARINEBASE: Haakonsvern er den største maritime militærbasen i Nord-Europa. Her forlét «KNM Thor Heyerdahl» basen for eit NATO-oppdrag 30. juli i år.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Like før klokka 10 sundag føremiddag blei Vest politidistrikt varsla om at to personar var pågripne av militært politi etter ulovleg droneflyging ved militærbasen Haakonsvern.

Haakonsvern er Sjøforsvarets hovudbase og ein av Nord-Europas største maritime militærbasar.

Forsvaret fekk tips av nabo

Forsvaret hadde allereie laurdag fått tips frå ein nabo om at to menn dreiv droneflyging ikkje langt frå hovudinngangen til basen. Militærpolitiet rykte ut, men fann ikkje mennene.

Då dei kom tilbake sundag føremiddag, blei dei arresterte av militært politi.

– Politiet blei deretter kontakta. Det viste seg at det var to polske turistar. Dei erkjente at dei hadde floge med dronar og gav opp at dei ikkje var kjende med regelverket, seier politiadvokat Kristina Caldwell i Vest politidistrikt.

Etter å ha undersøkt om dei ferierande polakkane var ute i fiendtleg ærend, konkluderte politiet med at det ikkje var mistanke om spionasje.

Ifølge Caldwell leigde mennene eit feriehus like ved og ville testa ut dronane sine.

– Dei var i utgangspunktet berre på helgetur i Noreg og ønskte å testa dronane. Dei var ikkje klar over at dei flaug nær ei forbodssone, seier Caldwell.

Haakonsvern

HAAKONSVERN: Laurdag kveld fekk Forsvaret melding frå ein nabo om at det blei floge dronar like ved militærområdet. Sundag blei to polske menn arresterte.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Turistar i 30-åra arresterte

Dei polske statsborgarane er begge i 30-åra. Dei har ifølge politiet inga anna kopling til Noreg enn å vera her på ferie.

Politiet melde først om episoden på Twitter klokka 23.30 sundag kveld, meir enn tolv timar etter hendinga.

I twitter-meldinga utelukkar politiet at det er snakk om spionasje.

– Eg veit ikkje kvifor det blei uttalt. Me har ingen haldepunkt for å seia at det var noko anna enn testflyging av dronar.

Begge dronane hadde moglegheit for bilete- og videoopptak.

– Dronane er inndregne og mennene har fått eit førelegg på 8000 kroner. Det har dei vedteke og sånn sett er saka rettskraftig avgjort, seier politiadvokaten.

Turistane blei seinare sundag lauslatne.

Tre fregatter ved Haakonsvern

FREGATTAR: Tre fregattar ved marinebasen Haakonsvern. Arkivfoto.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Militærpolitiet tok grep

Det er ulovleg å fly drone i militære anleggsområde. Nasjonalt tryggingsorgan har publisert eit digitalt kart som viser kor Forsvaret har sine anlegg og som dermed er ulovlege luftrom å operera i. Militærbasen på Haakonsvern ligg på ei halvøy, der heile området er markert som forbodssone.

Mennene skal ha stått i Gors vei, som grensar ut mot halvøya, og opererte dronane. Dei skal ikkje ha forsøkt å skjula seg.

Forsvaret stadfestar hendinga sundag føremiddag. Det var militærpolitiet på staden som arresterte turistane.

– Hendinga førte til at to personar blei arresterte av militært politi i området ved Haakonsvern. Saka ligg no hos politiet, seier Ivar Moen, oberstløytnant og talsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Utover det viser Forsvaret til politiet for ytterlegare kommentar.

I september markerte Forsvaret at Ubåtverket er 110 år med open dag om bord «KNM Utsira» i Bergen. Men berre nordmenn fekk koma om bord. Forsvaret kravde id, og gav opp at det var vanskeleg å vera sikre på at utanlandske statsborgarar oppgir korrekt legitimasjon.

I tillegg sa sjef for det norske ubåtvåpenet, kommandør Oliver Berdal, at Forsvaret «ønskjer å beskytta båtane våre mot spionasje».