Hopp til innhold

To personar til sjukehus etter frontkollisjon

To bilar vart totalskadde då dei kolliderte på den smale fylkesvegen. Begge førarane er sendt til sjukehus.

Trafikkulukke Sveio

KRAFTIG SMELL: Bilane fekk store materielle skader i samanstøyten på den smale fylkesveg 6 i Sveio.

Foto: Kjell Bua / 03030-tipser

– Det var ein kraftig kollisjon. Den eine bilen har gått rundt og bilane er totalskadde, fortel operasjonsleiar Rune Plassen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Alle naudetatar rykka ut då to bilar frontkolliderte på fylkesveg 6 mellom Buavåg og Sveio. To personar var involvert i ulukka, begge er sendt til sjukehus i Haugesund med ambulanse.

– Dei var begge bevisste då dei vart frakta vekk, fortel Plassen. Skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

Vegen opna igjen

Fylkesvegen var ein periode stengt til bergingsbil hadde kome på plass for å ta med seg dei to vraka bilane.

Like før klokka 11.30 melder politiet at vegen er open for fri ferdsel igjen.

Omstenda rundt ulukka er ikkje kjent.