Hopp til innhold

To til sjukehus etter frontkollisjon: – Bilar sklei i oljesøl

Store materielle skader etter frontkollisjon i Hardanger.

Trafikkulukke riksveg 13 Tyssedal

FRONTKOLLISJON: To personar er sendt til sjukehus etter ein frontkollisjon i Hardanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Alle naudetatane rykte ut då to bilar frontkolliderte nord for Tyssedal torsdag ettermiddag.

Tre personar sat i dei to bilane som frontkolliderte like sør Fresviktunnelen på riskveg 13 litt over klokka 16.

– Store materielle skader

– Dei materielle skadane er store, opplyste vaktkommandør Arne Corneliussen i 110-sentralen i Hordaland til NRK like over 16.30.

To personar blei frakta til sjukehus i ambulanse.

– Det har vore ein front mot frontkollisjon. Ein bil har kome over i motgåande køyrebane, seier politibetjent Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger lensmannskontor til NRK.

Trafikkulykke Tyssedal

STORE SKADER: Vegbanen blir spylt etter at oljesøl førte til kollisjonen torsdag ettermiddag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Oljesøl årsaka til kollisjonen

Eit stort område av vegbanen var dekt i hydraulikkolje då politiet kom fram til staden. Politiet mistenkjer at olja er den direkte årsaka til frontkollisjonen.

Politibetjent Vidar Vetle-Kalsøy

OLJESØL: Politibetjent Vidar Litle-Kalsøy seier den direkte årsaka til samanstøyten er oljesøl på riskveg 13.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det ser ut til den direkte årsaka er at den eine bilen ikkje klarte å halda sida si ein skarp sving, og deretter kom over i motgåande køyrefelt, seier Litle-Kalsøy.

Politiet åtvarar bilistar som har køyrt riksveg 13 mellom Lofthus og Odda om at dei kan ha fått olje på dekka sine.

– Det kan gjera at dei ikkje har så godt grep på vegen.

Fresviktunnelen