Hopp til innhold

To til Haukeland etter ulukke

Ein ung mann på 19 og ei 17 år gamal jente er køyrt til Haukeland universitetssjukehus etter bilulukka i Radøy. Bilen velta utfor ein skråning og trefte eit tre. – Dei var oppegåande begge to, men det er uvisst kva skadegrad det er snakk om, seier operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.