Hopp til innhold

To smitta av Giardia: Drikkevatnet ikkje mistenkt

To pasientar er innlagt på Haukeland universitetssjukehus med giardiasmitte. – Det kan vera fleire, men vi mistenker ikkje at dei er blitt sjuke av drikkevatnet i byen, seier smittevernsjefen i Bergen.

Haukeland universitetssjukehus

UVANLEG: To giardiasmitta samtidig som er blir så sjuke at dei blir innlagt på sjukehus, er ikkje vanleg.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

I går kveld kom prøvesvara som stadfesta at begge har giardia.

Saka vart først omtala i BT. Det var også snakk om eit tredje tilfelle, men det vart avkreft torsdag ettermiddag.

Til NRK seier Øystese at to tilfelle på same dag, og at begge er så sjuke at dei vart innlagt på sjukehus, er uvanleg.

Truleg ikkje drikkevatnet

Giardia er likevel ikkje så unormalt. Hittil i år har det vore om lag 80 tilfelle berre i Hordaland. Dei fleste er anten smitta i utlandet, eller smitta av personar i nærområdet sitt.

– Smittekjelda er førebels uviss. Eg skal intervjua dei tre pasientane i dag for å sjå etter ei mogleg felles smittekjelde.

Kari Stidal Øystese

Smittevernoverlege Kari Stidal Øystese i Bergen kommune tvilar på at smitta kjem frå drikkevatnet i byen.

Foto: Tom Arne Moe / NRK

Ho meiner det er usannsynleg at smitta kjem frå drikkevatnet.

– For det første blir gjerne hundre- eller tusenvis sjuke nokså samstundes viss smitta kjem frå ei drikkevasskjelde. Det hugsar me frå det store utbrotet i Bergen i 2004.

Torsdag ettermiddag har Øystese fått snakka med dei to innlagde pasientane.

– Førebels har vi klart å finna nokon forbindelse mellom dei to. Kvifor dei har fått smitten er heller ikkje avklart, seier smittevernoverlegen til NRK torsdag ettermiddag.

Europa-rekord

Det har blitt anslått at mellom 5000 og 6000 vart smitta i det som vart det hittil største giardiautbrotet i Europa. Mange vart kronisk sjuke.

– For det andre har det ikkje vore registrert nokre brot på hygienebarrierane ved vassverket i Bergen no.

Øystese seier at smitta mest sannsynleg kjem frå ei matvare eller ein serveringsstad.

Det er klarlagt at dei to ikkje har vore på utanlandsferie, men dei kan ha blitt smitta av folk som har vore på reise.