NRK Meny
Normal

To skadde etter campingvognvelt i Etne

Ei campingvogn velta i formiddag inne på ein campingplass i Etne. Ei kvinne og ein 11-år gammal gut blei skadd i ulukka.

campingvognvelt etne

TO SKADDE: Ei kvinne i 30-åra og ein 11-år gammal gut sat inne i campingvogna då ho velta i formiddag. Kvinna er sendt til sjukehus.

Foto: 03030-tipsar

Klokka 10.04 fekk politiet melding om at ei campingvogn hadde velta inne på campingplassen i Kyrping på grunn av sterke vindkast.

Campingvogn velta i Etne

TO SKADDE: Ei kvinne i 30-åra og ein 11 år gammal gut var inne i vogna då ho velta.

Foto: 03030-tipser

– Me fekk vite at ei kvinne skulle sitte fast inne i campingvogna. Ambulanse, politi og brannvesenet blei sendt til staden, seier operasjonsleiar Oddvar Olsen i Sunnhordland og Haugaland politidistrikt.

Politiet melde kring 11.30 om at ein 11 år gammal gut og ei kvinne i 30-åra var henta ut av campingvogna. Guten er lettare skadd, medan kvinna er sendt til sjukehus.

Ei kvinne i 30-åra sendt til sjukehus

– Guten blei undersøkt av ambulansepersonell på staden, og me antek at han er lettare skadd.

Kvinna er sendt til sjukehus, men det er ikkje kjent om ho er alvorleg skadd.

Laster Twitter-innhold

NRK oppdaterer saka

Laster kart, vennligst vent...

KRYPING, ETNE: Ei campingvogn velta i formiddag på grunn av sterk vind.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo