To russejenter ramla ut av buss

To jenter er lettare skadd etter å ha ramla ut av russebuss i fart.

Laster kart, vennligst vent...

ULYKKE: To russejenter ramla ut av ein russebuss i fart i Helleveien i Ytre Sandviken.

Tale Hauso
Journalist

Klokka 00.10 fekk politiet melding frå AMK om ei trafikkulykke i Helleveien i Ytre Sandviken.

Det viste seg at to kvinner hadde ramla ut av ein russebuss i fart.

– Dei skal ha ramla ut av ein naudutgang på bussen. Dei ramla ut i gata, men heldigvis var ikkje farta på meir enn 30 kilometer i timen, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Slag i hovudet

– Den eine hadde fått eit slag og smerter i hovudet, medan den andre hadde fått eit kutt og skader i ein fot. Det går etter forholda bra med dei to, seier Kolltveit.

Dei to vart sendt til Haukeland sjukehus for sjekk. Haukeland sjukehus skriv i ein pressemelding at dei er lettare skadd.

Det er ikkje mistanke om promille på førar. Det vil bli oppretta ei sak etter hendinga som vil bli etterforska.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.