Hopp til innhold

To personar sikta etter jaktulukke

To menn i byrjinga av 20-åra er sikta for uaktsomt drap etter jaktulukka i Masfjorden. Den eine av dei to er politistudent i Nordhordland.

Sikta etter jaktulukke

Politiadvokat Trond Eide fortel at to personar er sikta for uaktsomt drap etter at alle i jaktlaget er avhøyrde søndag ettermiddag.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

Det var den 22 år gamle Tore Gaard fra Haugesund som døydde etter ei jaktulukke i Masfjorden laurdag kveld.

Etterforskinga har pågått i heile dag, og samtlege i jaktlaget er avhøyrt i Bergen. Det skriv politiet i ei pressemelding.

Har ikkje alle detaljane

22-åringen var saman med seks andre jaktkameratar då ulukka skjedde. Dei fleste er i byrjinga av 20-åra. Gaard vart truffe av eit vådeskot, men politiet veit ikkje kven som avfyrte skotet.

- Det kan ha vore to personar som skaut, men vi kan ikkje seie sikkert kven det var enno. Vi har teke blodprøve av begge, men har ikkje grunn til å tru at dei var rusa, seier jourhavande politiadvokat Trond Eide.

Sikta er politistudent

To personar er sikta for uaktsomt drap. Den eine av dei to sikta er student ved Politihøgskulen, og i praksis ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

Ifylgje politiet er det årsaka til at etterforskinga er flytta til Bergen sentrum politistasjon.

- Dette er ei alvorleg sikting, men vi arbeider utifrå at det er ei ulukke, seier Eide.

Prøvde å gjenopplive

Ulukka vart meld like etter klokka 18.30 laurdag kveld, og luftambulansen var raskt på staden.

Jaktkameratane hadde då drive med livreddande fyrstehjelp, men livet stod ikkje til å redde. 22-åringen vart erklært død på staden.