Hopp til innhold

To personar arresterte for tre år gamalt drap

BERGEN TINGRETT (NRK): Dei to mennene skal ha dopa ned, bortført og drepe ein 41 år gamal mann med ein overdose narkotika.

Trond Eide og Ingrid Aksnes i retten

FENGSLINGSMØTE: Aktor Trond Eide, og forsvarar Ingrid Aksnes i retten før fengslingsmøtet starta i dag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Politiet i Hordaland har i helga arrestert to personar. Begge er sikta for eit drap gjort natt til 23. mai 2012 i Salhusvegen i Åsane i Bergen.

Dei to sikta skal ha dopa den då 41 år gamle mannen med eit bedøvande middel, metadon, og ført han med tvang til bustaden sin. Der skal dei ha gitt han ein dødeleg dose narkotika, skriv VG.

Trond Eide

VARETEKTSFENGSLING: Aktor Trond Eide ber om fire veker varetektsfengsling med full isolasjon for begge dei to sikta, ein mann i 20 åra og ein i 30 åra

Foto: Jon Bolstad / NRK

Saka var lagt bort som eit overdosedødsfall, men vart tatt opp att til etterforsking i november 2014 etter eit initiativ frå ein polititenestemann. At dei no vert arrestert er eit resultat av lengre tids etterforsking.

Aktor Trond Eide ber om fire veker varetektsfengsling med full isolasjon for begge dei to sikta, ein mann i 20 åra og ein i 30 åra. Grunnen er av fare for at bevis kan gå tapt.

– Han vart veldig overraska

Forsvarar Ingrid Aksnes

Henta og pågripen

– Politiet kom til den sikta fredag ettermiddag. Han vart informert om siktinga og arrestert, seier forsvarar til ein av dei sikta, Stein Erik Ottesen.

Etter det NRK kjenner til involverer saka mange som enten er i eit kriminelt miljø eller som har vore det før.

Forsvararen har hatt fleire samtalar med den sikta i løpet av helga.

– Eg har hatt dagleg kontakt med han, både i politiarresten og i fengselet. Han har ikkje gitt frå seg politiavklaring endå. Det er signalisert frå politiet at det vil bli attrådd isolasjon. Det vil seie at han får ikkje tilgang til ein del dokumentar og at han blir isolert i fengsel, seier Ottesen.

Forsvararen skal ha eit møte den sikta etter fengslingsmøtet i dag.

– Då skal vi ha ein gjennomgang av dei dokumenta vi får tilgang til. Så tar vi ein vurdering kva vi gjer vidare når vi har gått gjennom desse, seier Ottesen.

Etter det NRK kjenner til vil ikkje hans klient stille i fengslingsmøtet som etter planen skal starte klokka 13.45.

– Vart veldig overraska

Advokat Ingrid Aksnes, er forsvarar til den andre sikta personen. Ho fortel at klienten hennar reagerte då han vart arrestert.

– Han vart veldig overraska, seier Aksnes.

Aksnes har vore i arresten og hatt samtalar med klienten sin i dag.

– Vi har ikkje fått siktinga frå politiet endå, men er kjend med at det er ei sikting som lyder på drap, seier Aksnes.

Ho vil ikkje kommentere meir før etter fengslingsmøtet i formiddag. Møtet byrja noko forseinka like før klokka 13.00.

NRK har retta plassen der drapet skal ha skjedd til Salhusvegen i Åsane, i staden for i Salhus. Poltiet melde i ein pressemelding at drapet hadde skjedd i Salhus, men det viser seg at det riktige skal vere Salhusvegen i Åsane.