Hopp til innhold

To personar gjekk «amok» i Bergen

To personar er vist vekk frå sentrum i Bergen etter å ha reve ned varer inne på ein 7-Eleven. Grunnen skal ha vore at dei ikkje fekk nytta toalettet. Etterpå gjekk personane «amok» på Bergen pizza i Kong Oscars gate, skriv politiet på Twitter. Dei gjekk til angrep på kundar og personalet. Begge er arresterte og sett i varetekt.

Laster Twitter-innhold