To omkom i helikopterulukke på Røldalsfjellet

Helikopteret var på veg frå Røldal mot Karmøy søndag ettermiddag. Turen var ikkje meldt inn til lufttrafikktenesta. – Det er lovleg å ikkje melde inn, men det gjer at redningstenesta bruker lengre tid og me har mindre informasjon å byrje med, seier redningsleiar.

Politi på utsiden av Røldal skisenter

AKSJON: Naudetatane samla seg på Røldal skisenter.

Foto: Theo Aasland Valen

Helikopteret vart lokalisert av eit redningshelikopter på Røldalsfjellet ved 3-tida natt til måndag. Vraket ligg i ein bratt skråning på Røldalsfjellet.

– Redningsmannskap har komme seg fram til helikopteret og begge to er funne omkomne, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til NRK.

De omkomne var heimehøyrande i Rogaland.

Ifølgje redningsleiar i Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, Edvard Middelthon var helikopterturen ikkje meldt inn på førehand.

– Truleg tok helikopteret av i 15.20-tida frå Røldal, men det er ikkje sikkert. Turen var ikkje på det me kallar ein «registrert flight plan». Det er fullt lovleg å fly utan, men det gjer at lufttrafikktenesta ikkje fanget opp at helikopteret var forsinka, seier Middelthon.

– Redningsarbeidet tar derfor lengre tid, fordi me har mindre informasjon for å starte eit søk med. Det blir som å reise heimanfrå utan å melde frå kor du skal hen og kva du skal.

Sendt til Odda

Redningsmannskap måtte bruke snøscooter og gå til fots for å komme fram til vraket.

Det var ei kvinne og ein mann, begge i 40-åra, om bord i helikopteret. Dei vart funne og konstatert omkomne klokka 04.20.

– Like før klokka 7 vart dei henta ned av hjelpemannskap. I første omgang vert dei sende til Odda, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK klokka 7.30.

Naudetatar utanfor Røldal skisenter

NAUDETATAR: Politi, ambulansar, Sivilforsvaret og frivillige var på plass utanfor Røldal skisenter.

Foto: Theo Aasland Valen

Vart meld sakna

Politiet i Bergen varsla hovudredningssentralen klokka 21.53 søndag kveld om eit mogleg sakna helikopter.

Helikopteret skal vere av typen Robinson R44 med plass til fire personar, skriv VG, som først omtala saka. Det har vore ein vanleg helikoptertype å nytte både sivilt og militært verda over.

Helikopteret tok av frå Røldal skisenter søndag ettermiddag og skulle til Karmøy.

Mellom 1997 og 2012 var det 12 ulukker med denne helikoptertypen i Noreg, har TV 2 skrive tidlegare.

– Venar og pårørande har komme med bekymringsmelding når dei ikkje har høyrd frå dei i løpet av dagen, seier vakthavande redningsleiar Johan Mannsåker til NRK.

Politiet vart varsla i 21.30-tida.

Laster Twitter-innhold

Leitar i lufta og på bakken

Saman med politiet vart hovudredningssentralen samde om å sette i gang eit søk.

– Vi er usikre på kva som har skjedd, om dei har flydd inn i eit område utan dekning og sett seg på bakken, eller om noko anna har skjedd, sa Mannsåker til NRK etter midnatt.

Dei konsentrerte dei seg om å leite med redningshelikopter, redningshundar og bakkemannskap frå Raudekrossen i området mellom Røldal skisenter og Seljestad.

Laster Twitter-innhold

Det var her helikopteret vart funne.

– Strekninga er på rundt ti kilometer.

Avgrensa søk

Leitemannskapa kunne snevre inn leiteområdet ved hjelp av å spore mobildata og annan informasjon.

Klokka 15.56 blei det registrert eit treff på ein basestasjon nær Seljestad.

– Dei hadde også ein «tracker» om bord i helikopteret som vi har prøvd å få tilgang til for å få meir info. Dei har ikkje hatt kontakt med lufttrafikktenesta i løpet av turen frå Røldal til tenkt destinasjon, som var Karmøy, seier Mannsåker.