Ingen personar kom til skade under aksjonen.
Det heile starta med at mennene prøvde å truga seg inn til ein nabo.
Væpna mannskap frå politiet isolerte og sperra av huset.
Ein av mennene vart observert med eit vapen i handa i eit av vindauga i huset. Dei to overga seg til politiet etter vel ein time.
Trugsmål
Roger Iversen er av dei næraste naboane til husværet der dramatikken skjedde, og han opplevde føremiddagen som svært dramatisk.
- Det starta med skriking, eg høyrde nokon rope «eg skal drepe deg» eller noko liknande, fortel Iversen.
- Så kom politiet, dei kom springande gjennom hagen her, og nokon av dei måtte då faktisk gå i dekning.
Birkelundsbakken var sperra av i begge ender medan aksjonen pågjekk.