Hopp til innhold

To tredelar av vikingskatten er funnen – fleire gjenstandar er skadd

Mann melde seg på politihuset og sa han stod bak innbrotet ved Universitetsmuseet i Bergen – Ein del av gjenstandane har fått ein svært røff behandling.

Skatten funnen i IKEA-pose

OPPBEVART I IKEA-POSE: Deler av den verdifulle vikingskatten blei funnen i baggar og handleposar. Mykje ber preg av dårleg behandling, meiner Universitetsmuseet.

Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Politiet skal ha beslaglagt to tredelar av gjenstandane som stammar frå tjuveriet av 400 vikingskattar frå Universitetsmuseet i Bergen.

– Dei blei funnen i ei leilegheit i Bergen, seier politiadvokat Linn Revheim under ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Mann melde seg på politihuset – sa han angra

Politiet har vore særs sparsame med opplysingar, etter at Bergensavisen skreiv at to personar blei framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett.

Politiet stadfestar i ettermiddag at tre personar er sikta og to varetektsfengsla etter at to personar blei arresterte i Bergen tysdag.

– Ein mann melde seg på politihuset i Bergen i oktober og sa han hadde gjennomført innbrotet og at han angra veldig. Avhøyr med mannen førte etter kvart til aksjonen, seier politiadvokat Linn Revheim til NRK.

Denne personen blir for tida teken hand av om helsepersonell, men har status som sikta. Han er ikkje avhøyrt.

Politiadvokat Linn Revheim

BA OM FIRE VEKER: Politiadvokat Linn Revheim i Bergen tingrett torsdag.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK

Kan ikkje sjå bort frå fleire arrestasjonar

Politiet fann to DNA-profilar på åstaden, men fekk aldri treff i registera sine. Det var ikkje treff i registeret som gav resultat i etterforskinga.

– Arrestasjonane kom utelukkande som følge av opplysningar frå den tredje personen.

Revheim understrekar at etterforskinga held fram og seier politiet kan ikkje sjå bort frå fleire arrestasjonar.

– Politiet har ikkje gitt opp håpet om å finna alle dei stolne gjenstandane. Mykje etterforsking står att.

Fleire gjenstandar har tatt skade

Museet jobbar no med å få oversikt over kor store skader fleire av gjenstandane har fått, men Engevik seier at fleire må restaurerast før dei kan stillast ut.

– Ein del av gjenstandane blei funnen i baggar og har tatt tydeleg skade av hard medfart. Dette vil ta tid, seier leiar for kulturhistorisk avdeling ved Universitetet i Bergen, Asbjørn Engevik.

Engevik trekk fram at dette først og fremst er ein gledas dag for Universitetsmuseet.

– Dette er ein festdag! No håpar me berre at gjenstandane som manglar også vil koma til rette.

Tårnet på museet

BRAUT SEG INN: Universitetsmuseet var under rehabilitering då innbrotet skjedde i august. Universitetet har fått krass kritikk for manglande sikring i etterkant.

Foto: Mette Anthun / NRK

– Eit ordinært tjuveri

Den første som torsdag blei framstilt for fengsling er ein mann i byrjinga av 40-åra frå Bergen. Begge fengslingsmøta gjekk for lukka dører.

Dei to sikta er ifølge fastsetjinga sikta for grovt tjuveri frå offentleg bygg og er varetektsfengsla i fire veker.

Begge vedgår delvis straffskuld. Politiet har ikkje grunn til å tru at innbrotet var særleg planlagd eller organisert.

– Dette er etter alt å døma eit ordinært tjuveri, seier politiadvokat Revheim.

Her tok tyvene seg inn i Historisk museum

MØTTE KAOS: Dette møtte dei tilsette då dei kom på jobb på Universitetsmuseet i Bergen i sommar.

Foto: Kari K. Årrestad / Universitetsmuseet

Stal 400 gjenstandar frå vikingtida

Det var måndag 14. august at tilsette ved Historisk museum oppdaga at uvedkommande hadde tatt seg inn i bygget via eit stillas.

400 vikingskattar vart stolne i det som museumsdirektøren kalla for det verste tjuveriet i norsk museumshistorie.

Tre månader seinare er gjerningsmennene truleg tekne. Direktør Henrik von Achen er naturleg nok glad.

– Vi håpar dette kan bety ein større sjanse for å få tinga att, og det er alt som betyr noko for oss, seier Achen.

Henrik von Achen

LETTA: Direktør Henrik von Achen ved Universitetsmuseet i Bergen er letta over at deler av vikingskatten er komen til rette.

Foto: UiB