Hopp til innhold

To unge gutar til Haukeland etter kollisjon

To unge gutar er sendt til Haukeland sjukehus med lettare skadar etter ein kollisjon på Frekhaug.

Det var like etter klokka 16.00 at politiet fekk melding om ein kollisjon på Frekhaug.

– Første meldinga var at ein bil hadde køyrd på ein åtte år gamal gut på sykkel, seier Terje Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Ulukka skjedde i eit bustadfelt i Bustølvegen på Frekahaug.

– Også ein annan gut blei skada som følgje av kollisjonen. Ein gut som sykla bak åtteåringen klarte ikkje å stoppe då bilisten bråtsoppa, så han sykla ut for vegen og køyrde i eit skilt, seier Magnussen.

Begge to var ved bevisstheit då naudetatane kom på staden ifølgje politiet

– Dei er sendt med ambulanse til haukeland sjukehus for sjekk, det skal vere snakk om lettare skader.