Normal

Utanlandsk artist sikta for gruppevaldtekt

Politiet har sikta to norske kvinner og ein utanlandsk mannleg artist for valdtekt av ei kvinne i Bergen. Den eine sikta kvinna erkjenner å ha delteke i gruppevaldtekta, ifølge politiet.

Mannen, ein utanlandsk statsborgar i 40-åra, blir framstilt for varetektsfengsling torsdag.

Dei andre som er sikta i saka er to norske kvinner som er fødd i 1990 og 1991. Dei skal heller ikkje vera frå Bergen, får NRK opplyst av leiar Jannike Bremar Johannessen ved vald- og sedelighetsavdelinga ved Bergen sentrum politistasjon.

Den unge bergenskvinna i starten av 20-åra oppsøkte valdtektsmottaket natt til søndag 6. mars, og fortalde at ho var blitt valdteken.

Det var Bergens Tidende som omtala saka først.

Nektar straffskuld

– Det skal ha skjedd på eit nachspiel i ei leilegheit i Bergen sentrum, og nokre av dei involverte i saka kjenner kvarandre frå før, fortel Bremar Johannessen.

Dei tre sikta vart arresterte av politiet på søndag. NRK får opplyst at den sikta mannen er ein artist som den siste tida har opphalde seg i Bergen.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og tar siktinga svært tungt. Han er no i ein svært vanskeleg situasjon, seier advokat Fredrik Verling som forsvarar mannen.

Dei to sikta kvinnene i midten av 20-åra er sett fri etter avhøyr med politiet.

BA skriv at den eine kvinna ifølge politiadvokat Eli Valheim erkjenner å ha delteke i valdtekta.

Advokat Anette Vangsnes Askevold forsvarar den andre kvinna.

– Ho seier seg ikkje skuldig i å ha vore med på ei valdtekt, seier advokaten til BT.

Fengsling utsett

Politiet har gjort avhøyr i saka, i tillegg til krimtekniske undersøkingar i sentrumsleilegheita. Etter det NRK erfarer skal politiet ha «sterke» bevis.

– Vi er heilt i starten av etterforskinga, presiserer Bremar Johannessen i bergenspolitiet.

Ho vil ikkje kommentere omstenda rundt det angivelege overgrepet, eller seie noko om kva tilstand den fornærma kvinna var i.

Årsaka til at det berre er den utanlandske mannen som blir framstilt for varetektsfengsling, er at politiet meiner det er fare for at han vil forlata landet.

Det var usikkert når fengsling kunne gjennomførast, fordi politiet måtte få tak i ein tolk i tide. NRK får bekrefta at fengslingsmøtet er utsett til i morgon på grunn av dette.

Politiet vil be om fire veker fengsling for den sikta mannen.