NRK Meny
Normal

To kommunar takkar nei til Rikskonsertene

Rikskonsertane held kvart år tusenvis av konsertar for norske skulebarn. Men to kommunar i landet meiner dei klarar seg godt utan. – Veldig trist for barna som går glipp av dette, seier Rikskonsertane-sjef, Turid Birkeland.

Rikskonsertene

TAKKAR NEI: Os og Askøy kommune meiner ikkje treng besøk av Rikskonsertane. Sjef for Rikskonsertane, Turid Birkeland er rivande ueinig.

Foto: Heiko Junge / SCANPIX

Kvart år spelar Rikskonsertane 9000 konsertar for 600.000 norske skulebarn. Alle landets kommunar tek dei i mot, med unnatak av to: Os og Askøy kommune er ikkje interessert i å få Rikskonsertane på besøk.

Det får sjef for Rikskonsertane, Turid Birkeland, til å reagere.

– Eg er uroa for kulturtilbodet til barna. Det er bra for ungar å få oppleve musikk og konsertar på skulen sin.

Kun to kommunar i Noreg takkar nei

Turid Birkeland

– Eg tykkjer det er veldig, veldig trist at barna på Askøy er i ferd med å gå glipp av dette tilbodet som alle andre barn i landet får, seier Rikskonsert-sjef, Turid Birkeland.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Os kommune har som den einaste kommunen i landet aldri deltatt i programmet. Dei satsar heller på eit lokalt kulturtilbod, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

– Me får gitt elevane ein introduksjon til Kulturhuset og dei aktivitetane som går føre seg der veldig tidleg. Elevane får ta del i konsertar og arrangement av god kvalitet.

No vil heller ikkje Askøy kommune ha Rikskonsertane på besøk.

For å få Rikskonsertane til kommunen må Askøy ut med 112.000 i eigendel. Staten legg ut fire gonger så mykje, men summen vert likevel for høg, meiner fagsjef i kommunen, Åge Rosnes.

– Me har sett på tilbod me kan gje elevane våre opp mot det økonomiske utlegget. Konklusjonen har vorte at me seier opp avtalen, seier Rosnes.

– Går glipp av ein halv million kroner

Rosnes seier Askøy kommune har ein god kulturskule, og at tilbodet til skulebarna difor er godt i varetatt.

Motorpsycho og Supersilent

RIKSKONSERTANE 2014: Motorpsycho og Supersilent på tur med Rikskonsertane. F.v. Kenneth Kapstad, Bent Sæther, Hans Magnus Ryan, Helge Sten, Arve Henriksen og Ståle Storløkken.

Foto: Åserud, Lise, Lise Åserud / SCANPIX

– Eg vil jo tru at dei har ein del andre kommunar å spele i som ikkje har same dekning på kulturskulen som me har, seier han.

Å tenkje slik er ein svært dårleg strategi, meiner sjefen for Rikskonsertane.

– Eit tankekors for Askøy må vere at ved å ikkje betale 100.000 kroner, går dei glipp av 500.000-600.000 som dei elles ville ha fått. Dei pengane blir no borte og kjem ingen til gode, seier Birkeland.

At Askøy har kulturskule er inga unnskyldning meiner Rikskonsert-sjefen.

– Kulturskular finst det i nesten alle landets kommunar. Eg tykkjer det er veldig, veldig trist at barna på Askøy er i ferd med å gå glipp av dette tilbodet som alle andre barn i landet får.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo