Hopp til innhold

To involvert i utforkøyring

To personar sat i bilen som har køyrd i grøfta i Austevoll. – Det er glatt på staden, og bilen har snurra og hamna i grøfta. Dei to i bilen verkar ikkje å vere skadde, men fordi det er høg fartsgrense på staden er det send ein ambulanse dit. Vi ventar no på bilbergar, men det er ikkje meld om problem for trafikken, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i politiet.